Lokal | 14. feb. 2017

Større enn Endelausmarka

Den privat områdeplanen for Stabburshaugane i Lysefjorden er større enn området Os kommune eig i Endelausmarka.

Større enn Endelausmarka
Området i Stabburshaugane, merka med gult, er på omlag 800 dekar (foto: ABO)
Andris Hamretirsdag 14. feb. 2017 13:34

I møtet neste veke skal Plan- og bygningsutvalet ta stilling til eit privat framlegg om oppstart av områdeplan for Stabburshaugane mellom bebyggelsen i Lysefjorden og området Os kommune eig i Endelausmarka.

Det er ABO Plan & Arkitektur som vil stå for planarbeidet på vegne av dei fire tiltakshavarane Backer Bolig AS, BOB Eiendomsutvikling AS, Stabburshaugen Eiendom AS og Arnt Gunnar Haukeland m/søsken.

• Les òg: Selte 80 mål til Backer Bolig

800 dekar

Området omfattar totalt omlag 800 dekar, kor ein ser for seg omlag 500 dekar til utbyggingsføremål og 300 dekar grøne føremål. Til samanlikning er området Os kommune eig i Endelausmarka omlag 719 dekar og næringsarealet i Lyseparken omlag 484 dekar.

• Les òg: Lyseparken-nabo sel godt

– Oppstart av dette planarbeidet er eit privat initiativ frå grunneigarane. Bakgrunnen for planarbeidet er ynskje om å legge til rette for ei felles utvikling av Stabburshaugane med bustadføremål med tilhøyrande fellesfunksjonar.

– Planområdet ligg sentralt plassert i forhold til ny trase for E 39 Svegatjørn-Rådalen og ny Fylkesveg Åsen–Helleskaret. Os kommune er i sterk vekst og det er behov for eit meir variert bustadtilbod for å møte denne veksten. Planområdet er i dag i all hovudsak urørt og skal byggjast opp frå grunnen av til eit komplett bustadområde med dei fellesfunksjonar som trengs for å kunne etablere eit godt og framtidsretta bumiljø, heiter det i planomtalen.

Godt eigna til bustadar

I områdereguleringa vil plankonsulentane sjå nærare på kva områder som eignar seg til bustadføremål med høg utnytting og varierte bustadtypar, barnehage, næring og ny infrastruktur til veg og VA-nett.

– Stabburshaugane ligg i tillegg som nær nabo til «Lyseparken» der kommunen planlegg storstilt utbygging av arbeidsplassar etc. Området i Sjøbøhaugane er soleis eit svært aktuelt område til å busette seg for folk som arbeider i Lyseparken eller i Bergen kommune som med ny E39, berre vil liggje nokre minutts reise frå Sjøbøhaugane. Området har i tillegg ei særs god orientering mot sol, utsikt og tilgang til store grøne område i og nær Lyse Kloster hovudgård, heiter det i utgreiinga.

Må laga vegsystem

Kor mange bustader utbyggjarane totalt sett ser for seg kjem ikkje fram på det noverande stadiet, men at det kan koma over 1000 bustader, som dåverande ordførar Terje Søviknes (Frp) antyda i samband med fylkesvegen mellom Åsen og Helleskaret er nok ikkje umogleg.

• Les òg: Åsen-Hellskaret gjennom første nålauge

– Det er gjennomført moglegheitsstudiar for delar av planområdet og det skal lagast moglegheitsstudium for resten av planområdet. Desse viser aktuell utbyggingsløysing med tilhøyrande vegsystem. Det vert lagt opp til varierte bustadtypar i form av blokker, rekkehus og nokre einebustader. Det er teikna eit ringvegsystem med avkøyring som koplar seg på Lyseklostervegen i aust og ny fylkesveg mellom Åsen og Hellskaret i vest. Ringvegen er viktig for å kunne planlegge for god kollektivdekning av området.

Administrasjonen rår til at politikarane vedtek at planprogrammet for Stabburshaugane kan leggast ut til offentleg ettersyn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.