Sport | 08. aug. 2017

Større keeper-stall i Lysefjorden

Kjetil Hansen er tilbake frå Varegg og Arne Veim Haugland har tatt på seg fotballsko igjen.

Større keeper-stall i Lysefjorden
Kjetil Hansen, her for Varegg mot Os i fjor, er tilbake på Lysekloster. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. aug. 2017 20:48

Bildeserie:

Arne Veim Haugland spelte 10 kampar for Lysekloster i 2013. (Foto: KVB)
Arne Veim Haugland spelte 10 kampar for Lysekloster i 2013. (Foto: KVB)
Lysekloster har vunne begge kampane Øvredal har stått i år. (Foto: AH)
Lysekloster har vunne begge kampane Øvredal har stått i år. (Foto: AH)
1 av 2
Arne Veim Haugland spelte 10 kampar for Lysekloster i 2013. (Foto: KVB)
Lysekloster har vunne begge kampane Øvredal har stått i år. (Foto: AH)

Lysekloster hamna i sommar på keeperjakt. Før sesongstart mista dei Ole Kristian Olsen, som fekk mykje reising i samband med overtaking av ein eigedom på Sørlandet - så mista dei keeperen som etter overgang frå Bjarg før 2014-sesongen har spelt 87 kampar for A-laget til Lysekloster (+2 kampar for B-laget i 2014).

No har Frode Moberg Øvredal fått tidlegare lagkamerat Kjetil Hansen som treningspartnar og konkurrent.

– I utgangspunktet slo vi Kjetil frå oss, då han hadde proffkontrakt med Varegg ut sesongen. I Hordaland har det vore umogleg å finna noko, og etter å ha prøvd oss både i Sverige og lengre sør i Europa gjekk vi til Varegg for å snakka med Hansen likevel, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster fekk løyst Hansen frå kontrakten, og har teikna ny proffkontrakt, i første omgang ut 2017. Samtidig sendte dei Marius Hodne Sivertsen motsett veg.

– Blei det dyrt for laget på 2. plass å henta keeperen til laget på 3. plass i same avdeling?

– Vi har eit godt forhold til Varegg og det blei berre ein symbolsk sum, seier sportsleg leiar Svein Kollen.

– Gledeleg comeback

Kollen og Hetlevik er nøgd med signeringa av den lokale keeperen. Hansen har vakse opp på Drange, fekk nokre kampar for Os i 2011 og 2012, og var i Lysekloster frå 2013 til 2015.

– Kjetil har imponert til no. Han snakkar mykje, og han er trygg og autoritær, seier Ruben.

– Eg har hatt ei veldig fin tid i Varegg, med mykje speletid på eit godt lag. Eg fekk det eg hadde håpa på, mykje speletid på eit bra nivå, seier Kjetil til Midtsiden.

No er han tilbake med Ketil Elvenes som keepertrenar, i klubb med tidlegare lagkameratar i Os og Lysekloster, Frode Øvredal, Håkon Kvittingen og Espen Birkeland.

Han signerte torsdag kveld, allereie laurdag var han på oppdrag. Mot spelet sin gang så blei det tap i toppkampen mot Brattvåg.

Fekk Arne tilbake på «deltid»

I tillegg har Lysekloster kontakta Arne Veim Haugland, som frå før sto i klubben, men som ikkje har vore aktiv på fotballbanen sidan 10 kampar i 2013 og 2 for B-laget i 2014.

– Då vi sto med berre éin keeper blei det altfor lite på trening. Nokre av spelarane tipsa meg om Arne, og han sa ja til å bli med litt, fortel Ruben.

– Det blir gjerne berre éin til to økter i veka, men det er godt å ha tre keeperar, og å ha ein kar som Arne i gruppa. Han spreier godt humør og energi på feltet.

Konkurransen om speletid står no mellom Øvredal, som har spelt fire kampar etter at han gjekk frå Os til Lysekloster i midten av sesongen i fjor, og Hansen, som spelte 27 kampar for Varegg i fjor og 11 til no i år.

– Saknar du å ha eit B-lag for å gje kamptrening til fleire?

– Det er eit eige apparat som skal til for å ha nok eit lag. Det er gjerne to-tre spelarar som skulle spelt meir kamp, men for Øvredal sin del får han fleire utfordringar på våre treningsøkter enn han ville hatt mellom stengene i 5. divisjon.

– Frode har hatt ei positiv utvikling (siger i begge kampane han har spelt i år) og vil heile tida kniva med Kjetil om plassen, seier Hetlevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.