Kultur | 16. okt. 2014

Støttekonsert for TV-aksjonen

I morgon blir det arrangert konsert i Os kyrkje til støtte for TV-aksjonen.

Støttekonsert for TV-aksjonen
Delar av Fonos i Oseana 2013. (Arkivfoto: KVB)
Kari M. Lyssandtorsdag 16. okt. 2014 18:54

På sundag er det tid for årets TV-aksjon på NRK. Inntekta denne gongen går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for å skaffa varig reint vatn til ein million mennesker.

I september blei det kjent at Os var plukka ut som ein av kommunane i kommunekampen, der kvar av dei tre programleiarane vel seg ein kommune dei følgjer gjennom sendinga.

Programleiaren som valde seg Os var Haddy N’jie og måndag 6. oktober var ho i Os for å filma til sjølve programmet 19. oktober.

Vil gje Os eit ekstra løft

Fredag klokka 19.00 vil det bli arrangert ein støttekonsert i Os kyrkje for TV-aksjonen.

Os sokneråd tok alt i juni initiativ til ei eigen støttekonsert for å gje TV-aksjonen i Os eit ekstra løft.

– Osbygda viser kvart år ved den årlege Fasteaksjonen med innsamling til Kirkens Nødhjelp at dette er ein organisasjon som har høg tillit, og ved fleire spontane aksjonar initiert av engasjerte folk i lokalkyrkjelyden har det vorte samla inn 6-sifra beløp fleire gongar dei siste 10 åra, fortel kyrkjeverge Gerhard Hansen.

Mange musikarar stiller opp

Alle dei artistane og musikarane som stiller opp i Os kyrkje gjer dette utan honorar.

– Dei som kjem til Os kyrkje vil få ei flott konsertoppleving, informasjon om TV-aksjonen og kva mål Kirkens Nødhjelp har.

– Og i staden for ei inngangsbillett vil alle få høve til å gje ei gåve til aksjonen.

Dei som kjem på konserten vil kunna få med seg Os mannskor, Ole Amund Gjersvik, Hans Marius Johnsen, Frode Qvale med "Qvales ensemble", Hildegunn Myre Dale med Anne Solberg og Leif Østrem, Kari Torsvik, Gina Aspenes, joinUs og Fonos, og kanskje nokre til.

– Det vil og bli korte apellar ved prost Per Barsnes og ordførar Terje Søviknes, fortel Hansen, som håper mange tar turen til kyrkja fredag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.