Glenn Erik Haugland er kommunestyrerepresentant for Venstre (foto: Andris Hamre)

Støy og støy

Lesarinnlegg: Det finst ingen måte å skjerma for støyen frå vegen som kjem rett inn mot Øyane, skriv Glenn Erik Haugland.

Av: Andris Hamre

Søre Øyane skal ofrast og Statens vegvesen har gjennomført ein «idéverkstad» der dei har spurd slakteofferet korleis det ynskjer at slaktet skal bli partert. Dei som meinte at ein slik verkstad var ein dårleg idé vert stempla som bråkmakere som ikkje tek ansvar og skapar støy.

La oss snakke om støy.

Idéverkstaden har i fylgje rapporten i midtsiden.no (http://www.midtsiden.no/fekk-klare-tilbakemeldingar) hatt fokus på den visuelle utforminga og korleis ein kan ivareta «brukarane» sine interesser. Fjordområdet utanfor Søre Øyane er i alle offentlege planar merka som eit friluft og rekreasjonsområde med særs høg verdi. Rekreasjon handlar om å koble av. Ta fri og finne roen frå ein gjerne travel kvardag. Nokon finn den roen når dei padlar, andra mens dei seglar eller ror ein Oselvar. Mange meinar at lykken er å sleppe ut fiskesnøret til botnen og drøyme seg bort mens ein ventar på stortorsken, mens andre igjen tar seg ein skogstur langs fjorden.

Alle har det til felles at dei søkjer ro og avkobling. Det får du ikkje i nærleiken av ein trafikkert motorveg. Sjølv ein ansatt i Vegvesenet veit det.

Midtsiden referer frå idéverkstaden:

 «Men det er klart at litt meir støy enn i dag blir det. Det er noko psykologisk med det òg. Ser du trafikken så er det lett å meine at du høyrer den òg, kommenterte arkitektane og ekspertene frå vegvesenet.

Vegvesenet psykologiserer støyen. Alle som som blir plaga av støyen frå monsterbrua bør med andre ord oppsøke ein psykolog.

Det dei ikkje snakkar høgt om er all forskning som foreligg på området. Verdas Helseorganisasjon (WHO) anslår at ca 1 milllion leveår går tapt kvart år i Europa og at ca kvart 50. tilfelle av hjarteinfarkt skuldast støy. Støy er eit stort helseproblem som får stadig større merksemd (her kan du lese meir: http://www.stoyforeningen.no/Helse-og-stoey/Situasjon-stoey-og-helse/Helseskader).

Vegplanleggare og arkitektar kan berre til ein viss grad anslå kor mykje støy det blir frå monsterbrua. Men det vi veit no er at det nye forslaget med ilandføring på Røtinga så vil støyen bli mykje verre enn forslaget som vakte sterke reaksjonar i vinter med tunell ned ved Kobbavågen. 

For det første kjem vegen nærare bustadane i Søre Øyane. Seglingshøgda kjem no på Os-sida av fjorden, noko som fører til at brua kjem høgt inn mot Os. Det blir støy frå tungtrafikken mot Tysnes som må gi gass for å kome opp frå tunellen, og støy frå trafikken inn mot Røtinga som får god fart i hellinga ned mot tunellen. 

Det finst ingen måte å skjerma for støyen frå vegen som kjem rett inn mot Øyane. All støyskjerming byggast på siden av vegen. Støyskjerming langs vegen fungerer inntil 50-70 meter frå vegen resten av støyen går over skjermene. Med unntak av nordavinden vil vinden føre støyen med seg inn over heile Os i mange kilometers avstand. Frå Kuvågen til Strøno.

Ein lastebil støyar like mykje som 10 bilar. I tillegg veit vi at kjøretøy i 110 km/t støyar dobbelt så mykje som kjøretøy i 50 km/t. Støyen frå eit vogntog er minst like sterkt som støyen frå eit rockeband i di eige stove. Ein spaser eller sykkeltur over brua bør difor ikkje gjennomførast utan godt hørselvern. 

Akustikare eg har hatt kontakt med meinar at støyen frå brua kan bli spesielt stor. Vassflata fungerer som ein forsterkar som fører lyden lengre enn støykilder på land. Lyden bærer over vatnet, det veit vi som kan sitje på Haugland og høyre musikken frå Tysnesfest om sommaren.

Friluftsområdet og rekreasjonsområdet blir i klartekst totalt øydelagt av ei bru inn mot Søre Øyane. Mange vil heller ikkje kunne sitje ute og nyte ein kopp kaffe eller glass vin utan å bli plaga av støy. Og for dei som ynskjer å padle seg ein tur rundt Gullholmen: du finn ikkje ro og avkobling med hovudet inne i ein mixmaster.

Dette veit alle.

Dette visste alle i 2012 då alle politiske parti gjekk inn for å verna Søre Øyane. Her skulle det i alle fall ikkje kome bru.

Det blir eit stort press på psykologtenesta i Os i årene framover…

Glenn Erik Haugland
Kommunestyrerepresentant, Os Venstre

Fleire saker

bilde-midtsiden

Sanner vitjar gründerparken

29. mai 2017

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) kjem tysdag til Os for å møta og læra av gode gründerar.

bilde-midtsiden

Populær kulturvandring

29. mai 2017

Publikum fekk både kulturelt og historisk påfyll då festspillene vitja Os med «Nordvegen».

bilde-midtsiden

Rekordrask opptur

28. mai 2017

Det blei nye rekordar både i dame- og herreklassen i Linken Opptur søndag. Éin deltakar tok like greitt åtte (!) fjell på ein dag.

bilde-midtsiden

Vil selja Ole B

28. mai 2017

Familien Søviknes vil selja både drifta og eigedomen på Buena i Lysefjorden.