
MF Boknafjord på veg ut frå Halhjem (foto: Andris Hamre)
Støyar som eit fly
Tysdag 3. januar hadde MF Boknafjord jomfruturen med gudmor og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa ombord. Kort tid etter blei ferja satt inn i sambandet mellom Halhjem og Sandvikvåg som erstatningsferje medan ei av dei andre er på verkstad.
- Det har blitt til uuthaldeleg liding for oss som bur ved innseilinga til Halhjem, fortel nabo John Sveen.
- Det er omlag som å høyra eit fly som står på rullebanen og rusar motorane før avgang, forklarar Sveen om den høge hylelyden som tek nattesøvnen frå naboane.
Mykje verre
Også tidlegare har den lokale velforeninga engasjert seg i støy frå gassferjene på Halhjem, noko som førte til at Fjord1 valde å snu ferjene slik at utblås og eksos kom utover fjorden i staden for inn mot Bjørnen.
- Eg var ikkje av dei som klaga meste på dei andre ferjene, men no er det ille, slår Sveen fast.
Spesielt ille opplevast støyen på kveld og natt når ikkje det er annan bakanliggande støy som dekkar over den. Medan støyen frå dei «gamle» gassferjene var som ei intens underliggande during er støyen frå MF Boknafjord meir som ein skjærande hylelyd.
Ikkje gjort målingar
Kommuneoverlege Jon Vangdal Aamaas stadfestar at også han har fått meldingar om auka støy frå MF Boknafjord.
- Eg har blitt invitert med på eit møte med velforeninga som eg naturlegvis kjem til å delta på.
- Vi klarte saman å få Fjord1 til å snu dei andre ferjene, men vi ventar framleis på at ferjeselskapet tek dei støymålingane dei lova å gjera etter at ferjene var snudde, seier Vangdal Aamaas.
Lite å stille opp med
Kommuneoverlegen innrømmer at han i praksis ikkje har dei helt store verkemiddel å nytte når det kjem til støy frå offentlege kommunikasjonsmiddel.
- Eg kan stanse ferjene, men det som truleg då skjer er at fylkeslegen kjem raskt inn og overprøver vedtaket grunna samfunnsøkonomiske hensyn, forklarar kommuneoverlegen med referanse til ein flyplass på austlandet kor nettopp dette skjedde.
- Vi må nok heller freiste å få til eit samarbeid med Fjord1 som gjer at plagene for naboane blir så små som overhode moglege, avsluttar kommuneoverlegen.
Klar over problemet
Oscar Bergheim hjå Fjord1 fortel at dei er klar over støyen frå Boknafjord.
- Vi er også litt overraska over at ho støyar såpass mykje som ho gjer.
- Vi har no klart å lokalisera kva som skapar støyen og vuderer kva tiltak vi kan setta inn for å få den uønska støyen vekk, fortel Bergheim.
Bergheim vil ikkje gå inn på kva som forårsakar støyproblema, men påpeiker at MF Boknafjord berre skal gå på sambandet mellom Halhjem og Sandviksvåg fram til 16. februar.
- Etter det skal den ned på Boknafjorden. Før ho eventuelt kjem oppatt som erstatningsferje har vi forhåpentlegvis klart å gjere noko med lydbilete, avsluttar Bergheim.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no