Lokal | 23. nov. 2016

Støyen frå FrP

Svar til Skårnes: Å lese med vrangvilje slik fanden les Bibelen har fått sin eigen lokale variant: å lese slik Thorstein Skårnes les eit innlegg han sjølv kunne ha skrive for fem månadar sidan.

Støyen frå FrP
Glenn Erik Haugland, kommunestyrerepresentant for Venstre, svarar Thorstein Skårnes (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 23. nov. 2016 12:14

I eit innlegg som mest av alt likna propaganda vrenger den tidligare ivrige Venstre-politikaren synspunkt frå sitt tidlegare parti til det ugjenkjennelege. Det er vanskeleg å forstå kva som har provosert fram ein slik overfølsom reaksjon hjå både Skårnes og ordfører Terje Søviknes. Det er tydeleg vi har tråkka på ømme tær.

Vranglesinga til Os FrP har fått det til at Os Venstre ikkje set pris på arbeidet til dei tilsette i kommunen. Dette er heilt enkelt fri fantasi. Det er heller ingenting galt med å sole seg i glansen av eit godt resultat, men det kan kanskje bli litt vel mykje av det gode?

Poenget med Venstre sitt innlegg er at dei mange kommunemålingane ikkje gir oss eit godt nok billete av korleis osingane opplever tenestane frå Os kommune. Det er det osingane sjølve som kan svare på, og det er vår jobb og plikt som politikare å lytte. Det er dette vi er valt til å gjera.

Meinar Thorstein Skårnes og Os FrP med Ordføreren i spissen at ikkje andre parti i kommunen skal få lov til å spørje osingane om kva dei er nøgd og ikkje nøgd med? Meinar FrP at andre parti ikkje skal få utføre den samfunnstenesta vi er blitt valt til å gjera?

At FrP finn det så provoserande at Os Venstre skriv til innbyggjarane i Os, minner aller mest på reaksjonar frå makt-eliter som er redd for å miste makta. Er det idétørken etter 17 år som elite-politikere som gjer at Os FrP finn det naudsynt å sette opp ein vegg av støy mellom Os Venstre og osingane?

La oss vera heilt klinkande klare: Vi i Os Venstre gjer jobben vi er blitt satt til av dei som har valt oss fram. Vi arbeidar med eit budsjettforslag for 2017 som er eit politisk framlegg til å gjera ting betre for Os. Dette handlar sjølvsagt ikkje om den jobben som gjerast av dei ansatte i Os kommune som vi har ved fleire høve har skrytt av. Dette handlar heller ikkje om popularitetskonkurransar, men om rett fram, ærleg politisk arbeid.

Os Venstre vil vite om du er nøgd med skulane, vegane, utbyggingspolitikken, eldreomsorgen, bussane og arbeidet med å få fleire arbeidsplassar i Os.

Eg kan nesten ikkje få sagt det betre enn Thorstein Skårnes sjølv i eit innlegg fra i fjor (http://thorsteinskarnes.blogspot.no/2016/11/os-venstre-ivareteke-bjrnafjorden.html): «Os Venstre ønskjer at du skal bestemme korleis Os skal sjå ut i framtida. Gjer slutt på 16 år med Frp, og gi Osbygden nytt liv og en betre framtid.»

Det er synd om dei som stemte på Thorstein for det han skreiv ved valet i fjor, føler seg lurt i år. Eg kan lova at eg og Os Venstre meinar det vi skriv, også når vi ikkje vinn fram eller når andre skapar vrengbilete ved bruk av propaganda.

Glenn Erik Haugland
Kommunestyrerepresentant og nestleiar
Os Venstre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.