Kultur | 26. okt. 2017

Student lager «skape-seminar» for ungdom

Helene Waage siktar seg inn på Vognhallen med foredrag, verkstad og utstilling for unge teikne- og maleglade.

Student lager «skape-seminar» for ungdom
Helene Waage studerer prosjektleiing innan kunst og kreative næringer. I sommar flytta ho til Os, no arrangerer ho foredrag i Vognhallen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. okt. 2017 13:13

Ho er student i Oslo og flytta til Os i sommar, Helene Waage, som no set fokus på visuell kunst for unge.

– Faget eg studerer heiter «prosjektledelse for kunst og kreative næringer». Arrangamentet er ei oppgåve, den største oppgåva eg har før eg startar på bacheloroppgåva, fortel Helene.

Den tidlegare Kongshaug-eleven møtte musikaren Hans Marius «HM» Johnsen mens ho budde i Øyane. I sommar blei dei sambuarar i Os.

No vil ho laga eit arrangement i si nye heimbygd.

Inspirasjon før utstilling

Då Waage starta førebuande arbeid på oppgåva si, vurderte ho først å arrangera eit kurs.

– I staden valte eg å arrangera inspirasjonskveldar, men det betyr ikkje at deltakarane skal halda seg passive. Deltakarane får tid til sjølv å skapa visuell kunst.

– Då eg søkte etter tilbod for unge innan visuell kunst, fann eg ingeting. Kanskje dette er eit etterlengta tilbod? seier ho om arrangementet; «Å skapa visuell kunst».

Foredrag av mamma og Mæland

Seminaret rettar seg mot ungdom frå 15 til 19 år, har plass til 12 deltakarar og går over to kveldar med utstilling den tredje dagen.

– Mor mi jobbar som kunst-terapeut og har erfaring frå blant anna kunst som terapi for kreftsjuke. Ho (Janne Fargeraas) held fordrag den eine kvelden, den lokale kunstnaren Arne Mæland den andre.

– Eg trur dei har kvar sin måte å sjå på kunst på, men også noko likt. Målet er at dei skal fortelja kva som inspirerer dei, og skapa inspirasjon hos andre.

Prosjektet har fått støtte frå Os kommune.

– Om ikkje arrangementet blir fullteikna av ungdom vil eg opna for vaksne. Det har allereie vore nokre interesserte, men dei står førebels på vent.

Første foredrag er 8. november, utstillinga er fredag 10. november, også den i Vognhallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.