Thorvald Trætteberg signerte i kveld for Lysekloster. (Foto: Dagfinn Breivik, Lysekloster il)

Styrkar stallen vidare

– Eg ser etter unge og svoltne spelarar, seier komande trenar Ruben Hetlevik etter Lysekloster sin sjette nysignering. Onsdag kan det koma éin til.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Thorvald M. Trætteberg (20) går frå Vard Haugesund til Lysekloster, melder lysekloster.no.

– Etter at eg i haust flytta til Bergen for å studera så har eg pendla heim for å spela med Vard, men trent med Åsane, fortel Thorvald til Midtsiden.

Trætteberg, som speler back og har hatt 44 kampar for Vard i toppen av 2. divisjon dei siste to åra, signerte kontrakt måndag kveld.

– Eg kunne jo, etter alt styret med trenarbyte, gått på prøvespel i Åsane i vinter, men eg har eit inntrykk av at Lysekloster både har ambisjonar og driv profesjonelt.

Hetlevik: – Eg er ein fotballnerd

Påtroppande trenar Ruben Hetlevik har førebels berre observert Lysekloster i trening, då Ørjan Sandal har kontrakt ut året. Men han har ikkje halde seg passiv på overgangsmarknaden.

– Eg er ein fotballnerd og følgjer med i fleire divisjonar og fleire avdelingar. Eg kjenner godt til Trætteberg frå før. Han har god fysikk, er spesielt god offensiv og han gjer smarte val.

Ser framleis etter fleire

Lysekloster har til no signert seks nye spelarar, inkludert keeper Frode Moberg Øvredal, som var utan kontrakt i 2016. Fire av dei fem andre har Hetlevik vore involvert i å henta til klubben.

– Vi ser etter spelarar som matchar klubben, spelarar som er unge og ambisiøse. Eg har starta bak, med defensive spelarar, men vi skal framleis ha fleire.

Pedersen, også han frå Vard (og SK Sotra), er førebels einaste nye angrepsspelar. Lysekloster har mista Ståle Steen Sæthre.

– Det er noko uvisse kring nokre av spelarane som er på kontrakt, kor mykje dei kan bidra i 2017, så vi skal framleis ha fleire spelarar. Allereie onsdag kan det koma éin til.

Frå før har Lysekloster fått tak i: Martin Pedersen (21) frå Vard Haugesund og SK Sotra, Joakim Helland (27) frå SK Sotra, Håkon Moldekleiv frå Nest-Sotra og den tidlegare norske landslagsspelaren (G16) Vladan Radojkic frå spanske Hercules Juv.

Midtsiden samleside: Lysekloster fotball

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Ti sider om Carr sitt hus

16. januar 2017

Interiørdesigner Yolandi Carr frå Os deler ut tips og inspirasjon over ti sider i siste Bonytt.

bilde-midtsiden

Stilte med fem lag, tok 1. og 3. plass

16. januar 2017

Os stilte sterkt i Bergen Fotballfestival. I G15 blei det Os mot Os i kvartfinalen, i G16 gjekk dei heilt til topps etter straffekonk i finalen....

bilde-midtsiden

Sendte alle elevane heim grunna kald skule

16. januar 2017

370 elevar fekk fri: – Vi prøvde å køyra undervising, men det var så kaldt at elevane knapt klarte å halda i blyanten, seier rektor Kåre Lutro....

bilde-midtsiden

Tapte for Stryn

16. januar 2017

– Vi klarte oss greit med redusert mannskap, seier Husebø etter den poenglause turen til Nordfjord.

bilde-midtsiden

En 1. klasses telttur!

16. januar 2017

Magisk helg for førsteklassingene på Lysekloster skule i helgen. Teltovernatting under stjernekledd vinterhimmel.

bilde-midtsiden

Mykje bruk av brukthallen

15. januar 2017

På to og ein halv månad har over hundre personar fått med seg brukbare ting frå brukthallen til BIR i Kolskogen.