Næringsliv | 24. juni 2015

Suger hagen din tom for brunsnegl

Då kona fekk nok og gav snegleplukkaroppdraget til Henry, fann han ein enklare måte å bli kvitt skadedyret på.

Suger hagen din tom for brunsnegl
Oppfinnar Henry Helgheim med ein av dei første 1300 snegleslukarane han har fått produsert. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. juni 2015 12:30

Etter to år med testing og produktutvikling står Snegleslukeren klar for sal.

– I slutten av mai kom første parti frå fabrikken, 1300 stykker. Vi hadde selt 400 før varene kom, og dei første kundane er svært nøgd, seier Henry Helgheim.

Reklamemann med oppfinnarverkstad

Henry og familien bur i Lysefjorden, rett over kommunegrensa i Nordvik. I Bergen driv han reklamebyrå på dagtid, men heime har han innreia ein verkstad. Sneglesluking er nemleg ikkje hans første oppfinning.

– Eg har vore sånn sidan eg var liten. Då brørne mine fekk bilar til jul så leika dei med bilane. Eg skrudde dei frå kvarandre. Mekanisk arbeid er god avkopling for ein som jobbar på kontor, dessutan så elskar eg denne typen utfordringar.

Blant oppfinningane er snusbeger, unike handlelappar og infokiosken Parts Finder, der du ved å plotta inn registreringsnummeret på bilen din enkelt kan finna vindaugsviskarar, olje og andre delar. Parts Finder er selt til rundt 170 bensinstasjonar i Noreg.

Blei lei av å plukka

Blant framande artar som trugar mangfaldet der den har spreidd seg er brunskogsnegl (Arion vulgaris) på topp. Éin snegl legg åleine 400 egg. Dei nye sneglane er kjønnsmodne når dei er 4-5 veker gamle. I mai skreiv NRK.no om at EU set sneglen på «dødslista», ei liste over artar medlemslanda pliktar å aktiv kjempa for å få ned bestanden. I førre veke kunne statskanalen fortelja at regjeringa går til krig mot sneglen.

– Eg hadde andre oppgåver i hagen mens kona var flink å plukka snegl. Men éin kveld, etter å ha plukka si daglege bøtte med 150 til 200 snegl, og vi skulle eta på terrassen, så dukka det opp endå fleire. Vi tok hundre av dei før kona fekk nok. Det blei min jobb, og eg såg med éin gong etter ei enklare løysing.

Støvsugar med giftfri blanding

Utgangspunktet var å laga noko som likna ein støvsugar som du kunne ha på ryggen, for reinsleg og enkel fjerning av snegl.

– Det er tungt å bøya seg i hagen time etter time. Dessutan så er jo sneglane full i slim og ganske ekle, synest oppfinnaren.

Men ein sneglesugar skal også fungera etter at dei første sneglane har hamna i posen. Sneglane bør dessutan drepast.

– Eg er imot å bruka gift i hagen, du veit aldri kva skade du gjer på andre artar eller om ungar kan få gift i seg. Men eg fann ei blanding av industrisalt, kalk og olje som både smører systemet og effektivt dreper sneglen.

Snegleslukeren, eller SlugVac, som den heiter utanfor Noreg, blir allereie selt i fleire kjedar på Vestlandet, som Byggmakker, Coop Bygg, Hageland og Interflora.

– Det blir spennande å sjå kor lang vi når med dette produktet. Behovet er stort og starten har vore svært god.

Vil du lesa meir eller sjå video av snegleslukeren i drift? Sjekk snegleslukeren.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.