Sport | 24. juni 2016

Suksess med fisk og friidrett

Bildeserie: Friidrettskulen på Kuventræ blei ein kjempesuksess. – Det artige er at ungane ét fisk til den store gullmedalje til lunsj, smiler kjøkkenvakt Bjørn Michelsen.

Suksess med fisk og friidrett
75 deltakarar og 15 ungdommar som gruppeleiarar i tillegg til 5 vaksne har vore i sving på Kuventræ dei tre siste dagane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 24. juni 2016 11:39

Bildeserie:

Sultne deltakarar klar for mat (foto: AH)
Sultne deltakarar klar for mat (foto: AH)
Fredag sto torskenuggets og tomatsuppe på menyen (foto: AH)
Fredag sto torskenuggets og tomatsuppe på menyen (foto: AH)
Flinke ungdommar var gruppeleiarar for borna (foto: AH)
Flinke ungdommar var gruppeleiarar for borna (foto: AH)
Litt instruksjonar før starten på 60 meteren (foto: AH)
Litt instruksjonar før starten på 60 meteren (foto: AH)
Medan andre var i sving i lengdegropa (foto: AH)
Medan andre var i sving i lengdegropa (foto: AH)
Perfekt planke (foto: AH)
Perfekt planke (foto: AH)
og høge hopp (foto: AH)
og høge hopp (foto: AH)
Ikkje noko å seie på innsatsen (foto: AH)
Ikkje noko å seie på innsatsen (foto: AH)
Kor langt kan det gå? (foto: AH)
Kor langt kan det gå? (foto: AH)
Friidrettsskulen på Kuventræ (foto: AH)
Friidrettsskulen på Kuventræ (foto: AH)
Friidrettsskulen på Kuventræ (foto: AH)
Friidrettsskulen på Kuventræ (foto: AH)
Hekkeløp er ikkje berre enkelt (foto: AH)
Hekkeløp er ikkje berre enkelt (foto: AH)
Men over kom dei (foto: AH)
Men over kom dei (foto: AH)
i fin stil (foto: AH)
i fin stil (foto: AH)
Friidrettsskulen på Kuventræ (foto: AH)
Friidrettsskulen på Kuventræ (foto: AH)
Friidrettsskulen på Kuventræ (foto: AH)
Friidrettsskulen på Kuventræ (foto: AH)
1 av 16
Sultne deltakarar klar for mat (foto: AH)
Fredag sto torskenuggets og tomatsuppe på menyen (foto: AH)
Flinke ungdommar var gruppeleiarar for borna (foto: AH)
Litt instruksjonar før starten på 60 meteren (foto: AH)
Medan andre var i sving i lengdegropa (foto: AH)
Perfekt planke (foto: AH)
og høge hopp (foto: AH)
Ikkje noko å seie på innsatsen (foto: AH)
Kor langt kan det gå? (foto: AH)
Friidrettsskulen på Kuventræ (foto: AH)
Friidrettsskulen på Kuventræ (foto: AH)
Hekkeløp er ikkje berre enkelt (foto: AH)
Men over kom dei (foto: AH)
i fin stil (foto: AH)
Friidrettsskulen på Kuventræ (foto: AH)
Friidrettsskulen på Kuventræ (foto: AH)

Onsdag, torsdag og fredag denne veka har Os Turn Friidrett arrangert historias første friidrettsskule på sentralidrettsanlegget på Kuventræ. Det kan ikkje omtalast som anna enn ein kjempesuksess.

– Vi har hatt med 75 ivrige deltakarar, 15 ungdommar som gruppeleiarar og tre trenarar. Ungane har fått forsøke seg på det meste friidretten har å by på. Dei har hoppa, løpt og kasta, fortel Bjørn Michelsen som saman med Åge Gulbrandsøy har tatt seg av det administrative og maten dei tre dagane.

Trøyte barn heim

Tilbakemeldingane frå foreldra er at dei har fått heim slitne og trøytte ungar etter ein dag på skulen.

– Det er ikkje så rart. For mange av dei er dette uvante ting å helde på med og aktivitetsnivået har vore høgt. Det at dei tek seg ut er bare heilt topp.

– Eg må òg nytta høve til å skryta uhemma av dei 15 ungdommane frå 13 til 18 som vi har hatt med oss. Dei har gjort ein kjempejobb med borna og har nok vore minst like slitne som borna etter endt dag.

500 torskenuggets

Kvar dag har ungane blitt servert lunsj, sponsa av Lerøy.

– Vi har vore så heldige at vi har fått startkitet frå Lerøy. Dermed har det blitt sjømat på ungane kvar dag. Onsdagen fekk dei testa røykalaks og sushi. I går gjekk steinbittkarbonadene ned på høgkant og i dag blei jammen meg 500 torskenuggets slukt.

– Også her har vi fått tilbakemeldingar frå foreldra at ungane kjem heim og fortel at maten har vore kjempegod. Det hadde vi kanskje ikkje trudd, men det viser seg at får ungane god og sunn mat, så ét dei godt.

Dusja av brannvesenet

Det har ikkje berre vore friidrett og mat det har gått i.

– I går var vi så heldige å få vitjing av brannvesenet med mannskapsvogn og tankbilen. Det blei eit kjekt avbrekk, kor ungane fekk slappa litt av. På slutten tok brannvesenet og spylte 10 000 liter vatn utover kastfeltet som trengde litt vatning. Det tok ikkje lang tid før ungane såg sitt snitt til å få seg ein dusj, ler Michelsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.