
Suksessrik filmfest
Filmfestivalen 60 gradar Nord inviterte i samarbeid med Oseana, Disney og Bygdekinoen til barnefilmfest i Oseana i dag.
- Allereie ein halvtime før vi opna var det fullt på parkeringa, fortalte parkeringsvakt Espen Hjertaas då Midtsiden.no kom forbi.
Vel oppe i Osana blei vi møtt av eit hav av glade ungar som forsynte seg av snop, pizza, brus og popkorn før dei fant plassane i Oseanasalen for å sjå Biler 2.
- Vi er så heldige at Peppes og Rema 1000 har sponsa oss med snop til ungane, smilte ein litt stressa Christoffer Kobbeltvedt der han bar på ein høg stable av tomme pizzaesker.
Filmens dag
Sjølv om barnefilmfesten i denne omgang berre omfattar éin film, held kinoframsyningane fram i Oseana heile helga.
- I dag er kinoens dag og det feirar vi med å setja opp Tintin og den siste Varg Veum-filmen; I mørket er alle ulvar grå.
- Det er framleis billettar til begge filmane. Hugs at det i dag er halv pris for å feira dagen, reklamerer Kobbeltvedt.
Sundag er det vanleg bygdekinodag med Ole Brum klokka 15 og den romantiske komedien "What's your number" klokka 18.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no