Sport | 23. juni 2016

Superjentene reiser sørover

Søndag runda dei av vårserien med 17-0 og 1. plass i 1. divisjon, no reiser Nore Neset J13 til Sør Cup.

Superjentene reiser sørover
Nore Neset jenter 13 kom på 1. plass i 1. divisjon og på 3. plass i 2. divisjon med dei to laga sine. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. juni 2016 06:36

Til hausten startar dei på ungdomsskulen. Då har jentene, som kjem frå seks ulike skulekrinsar (Søre Neset, Nore Neset, Søre Øyane, Strøno, Lysekloster og Nordvik), allereie spelt på same lag i nesten eit år.

– Vi har eit veldig godt samhald! Vi er i lag på fritida og det er ingen som har noko imot kvarandre, seier jentene om årsaka til suksessen.

– Og så har vi hatt mykje løpetrening i slutten av kvar økt. I alle fall heilt til vi sa at trenarane måtte vera med, dei var med tre gongar og så blei det brått slutt på løpetreninga.

Jentene ler godt. Trenarane undrast om dei får saka til gjennomlesing før publisering (noko dei sjølvsagt ikkje får).

Vann cup og 1. divisjon

Dei 21 spelarane på Nore Neset sitt jenter 13-lag har nemleg vunne alt dei har deltatt i til no, frå då nokre av dei tjuvstarta Lagunen Cup og vann heile cupen mot eitt år eldre jenter, til cupen Vintertid og vårserien, der dei stakk av med sigeren i 1. divisjon.

Den siste kampen enda 17-0 og jentene står med 58-19 i målforskjell og siger i 9 av 11 kampar i sin første vårsesong med niarfotball.

– Vi har to lag i serien. I tillegg til 1. plass i 1. divisjon kom vi på 3. plass i 2. divisjon og var berre tre poeng frå opprykk, fortel Morten Døsen.

Han trener laget saman med Kenneth Moland, Eirik Kvittingen og Sverre Fløysand.

Møter nye motstandarar i Kristiansand

Torsdag og fredag reiser jentene til Sør Cup (tidlegare Plussbank Cup), som blir arrangert i og rundt Kristiansand.

– Vi går for siger! seier jentene bestemt.

– Det er først og fremst for det sosiale, men vi har sjanse til å gjera det bra, legg trenarane til.

18 av dei 21 spelarane reiser på cupen og klubben har meldt på eitt lag. Troppen blir delt i to like grupper som skal spela kvar sin omgang i kvar kamp, noko som gjer det enkelt å forholda seg til både for trenarar og spelarar.

Nore Neset møter Klepp, Madla og Våg i innleiande rundar, som går laurdag og søndag.

På spørsmål om kva som skal til for å gjera det bra på ein cup, med tanke på søvn og mat, svarer jentene at det skal bu tre andre jentelag og seksten gutelag på same skule.

Det ligg med andre ord til rette for ei travel helg for dei dyktige Nore Neset-jentene.

To av jentene reiser vidare sørover etter cupen for å spela med gutelaget til Nore Neset i Dana Cup.

Spelarane på Nore Neset J13: Lenea Hjelle Fløysand, Emilie Turøy, Inger Christine Foldrup, Thale Strønen Skeie, Maria Lekven, Malin Solstrand Ludvigsen, Kathrine Li, Kine Ullensvang Moland, Tuva Berge, Martine Nagelsen Balland, Lena Søfteland Wik, Miriam Heltne, Andrine Brunvatne Kvittingen, Vilde Sølberg, Celina Eide Døsen, Nora Kvinge Austevoll, Maren Sofie Ø. Rondestvedt, Anne Noss Nordvik, Helene Søviknes, Elina Harju Skeie og Karoline Omdahl Krukhaug.

Kampoppsett/resultat: Her kan du følgja Nore Neset J13 gjennom cupen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.