Lokal | 06. jan. 2017

SV med ekstra høg vekst i Os

Hordaland SV opplever auke i medlemstalet. Os er blant dei to kommunane med størst prosentvis vekst.

SV med ekstra høg vekst i Os
F.v.: Gina Barstad, Hege Bjørnør, Audun Lysbakken og Siv S. Olsen. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. jan. 2017 13:27

Hordaland SV har auka medlemstalet med 11 prosent frå 2015 til 2016.

- Det er gledeleg med auke og vi ser fram til årets valkamp med fleire nye medlemmar på laget, seier fylkesleiar i Hordaland SV, Gina Barstad.

– Medlemsveksten plar vera størst i valår, så at vi fekk så mange nye i 2016 er veldig positivt. No er vi 926 medlemmar i Hordaland SV, og skal ha klart å runda 1000 i løpet av året.

21 % auke i Os

I tal på medlemmar er det Bergen SV som aukar mest, med neste 80 medlemmar.

Men i prosent er veksten størst i Vaksdal og Os.

– Eg har merka ei auke i folk som tar kontakt og generelt viser folk større interesse for å lytta til vår politkk, seier leiar i Os SV, Hege Bjørnør til Midtsiden.

I Os er veksten på heile 21 prosent.

– Kva trur du er årsaka til auka?

– Eg trur det er ein motpol til det mørkeblå, tre år med blå-blå regjering her heime, Trump i USA og dei blå tendensane i Europa. Vi er tydelege og klare i vår politikk, det er ikkje noko snikk-snakk.

– No er eg fram til valkamp, ein kamp om ein kaldare klode og eit varmare samfunn, seier Bjørnør.

Tilbakegang i 2015 og 2013

SV gjekk 0,3 prosentpoeng tilbake i Os under førre stortingsval (2013), samanlikna med 2009, og landa på 3,2 %.

Ved kommunestyrevalet i Os i 2015 gjekk dei tilbake 0,1 og landa på 1,7 %.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.