Lokal | 08. sep. 2017

SV sine fem krav

Gina Barstad besøkte Os barnehage for å snakka om profittfri velferd.

SV sine fem krav
Bak; Elisabeth Nordstrand og Liv Jansen, styrar og nestleiar i Os barnehage, framme; Gina Barstad og Hege Bjørnør. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. sep. 2017 07:04

Onsdag var Hordaland SV sin 2. kandidat Gina Barstad, saman med Hege Bjørnør frå Os SV, på besøk i Os barnehage, i hovudsak for å diskutera profittfri velferd.

– Dette er eitt av fem hovudkrav vi har om det blir raudgrønt fleirtal og vi blir del av ny regjering, seier Barstad før omvisinga starta.

Dei fire andre krava er; auka barnetrygd, verna Lofoten for petroleumsnæringa, maks 15 elevar (20 frå 4. klasse) per lærar og eit internasjonalt forbod mot atomvåpen.

Når det kjem til profittfri velferd understreker ho at SV ikkje er imot private barnehagar, men barnehagar som driv kommersielt.

– Pengane vi betalar i skatt skal gå til borna og barnehagane, ikkje til utbyte til private eigarar.

– Kan gå ut over dei tilsette

Private barnahagar var i si tid viktige for at kommunane skulle klara å innfri SV sitt krav om full barnehagedekning. Når SV kjem med forslag om profittforbod får dei tyn frå fleire hald. Kva med fastlegen? Kva med rådgjevarar som har det offentlege som kunde?

– Er det berre det at nokon tener ekstra mykje pengar ved å ta utbyte de er imot, eller er det uheldige sider ved det å driva private barnehagar?

– Vi er ikkje imot at private barnehagar går med overskot, men at det blir tatt utbyte. Kvar kjem pengane frå? Kommunen. Våre skattepengar. Kvifor skal støtta frå kommunen til dei private barnehagane gå rett i lomma på eigarane, i staden for reinvestering i barnehagen, at pengane kjem ungane til nytte? svarer Barstad.

– Du fryktar ikkje at eit slikt forbod kan gjera at barnehagesektoren mister ressursar, at investorar med typiske gründer-eigenskapar finn andre plassar å bruka engasjementet og ideane sine?

– Nei. Det er mange engasjerte, dyktige og kreative menneske både i det offentlege og i private, ikkje-kommersielle barnehagar. Mange av desse typiske gründerane er dessutan vekke, dei kommersielle er i stor grad kjøpt opp av multinasjonale, store konsern.

– Er det kamp om tilsette mellom offentlege og private, at dei private lokkar med meir pengar?

– Snarare tvert imot, og spesielt når det kjem til pensjon. Éin plass må dei henta pengane sine frå. I snitt ser det greit ut, men nokre gode drar opp snittet frå fleire svake.

Her supplerte Hege Bjørnør, at det, for dei private barnehagane i Os åleine, er fem ulike tariffavtalar som gjeld, og derfor ganske uoversikteleg om du vil undersøka forholda.

Bjørnør er leiar i Os SV og har lang fartstid i Fagforeningen bak seg. Ho er no leiar for fagleg utval i Hordaland SV.

Lærde om og av Os barnehage

Styrar Elisabeth Nordstrand tok saman med nestleiar Liv Jansen imot Barstad og Bjørnør.

Dei fortalde om ein barnehage med 121 born fordelt på fire basar, med to avdelingar per base. Barnehagen husar ungar frå mange nasjonalitetar og er ei viktig brikke i den lokale integreringa av innvandrarar.

– Vi bruker mykje tid på samtale med foreldra for å informera om det norske samfunnet. Det handlar og om dei små tinga. Fleire synest dette med mykje brødmat er spesielt, og ventar å få varm frukost eller lunsj, mange veit ikkje om eigenskapane til ull, og kvifor borna bør gå med ull store delar av året.

Barstad fekk òg høyra kva Nordstrand synest om SV sine tankar om ny barnehagenorm. Her vil SV dobla talet på pedagogar, som i dag er 1 til 9 for dei yngste og 1 til 18 for dei eldre borna.

– Kjem det krav om dobling av talet på pedagogar innan 2020 så kjem det rett og slett ikkje til å vera nok pedagogar i Noreg.

– Det eg heller ønskjer meg er ei bemanningsnorm, det har vi ikkje i dag. Ei skjerpa pedagognorm kan koma seinare, seier Nordstrand.

Ho ser for seg at 1 til 3 vaksen blant dei yngste og 1 til 6 på dei eldre borna ville vore passeleg. Med ei god norm på bemanning sikrar Staten at det blir meir likt frå kommune til kommune.

Barstad såg ut til å notera seg kommentarane frå barnehagestyraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.