Sport | 11. mai 2015

– Svak kamp av oss

Os tapte borte for Vard Haugesund 2.

– Svak kamp av oss
Heimekampen mot Vard 2 i haust (bildet) blei Os sin siste siger på Kuventræ i 2014. I dag blei det tap. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. mai 2015 19:39

Måndag kveld spelte Os bortekamp i Haugesund. Motstandar var Vard Haugesund 2, som Os slo 3-2 heime i tredje siste heimekamp i haust.

– Det blei ein dårleg fotballkamp med få sjansar, seier Hassan El Fakiri.

Vard Haugesund 2 - Os 0-2 (0-0)

Os: Frode M Øvredal - Knut Spangelo Haga, Børge Borgen, Endre Brenne, Stian Bakke - Håkon Kvittingen, Erik Kanestrøm - Emil Halver, Sebastian Skåre Tune - Kristoffer Østervold, Christer Olsen.
Innbytarar med speletid: Mats Lepsøe, Joakim Hovden og Glenn Krossøy

Prega av slurv

– Ingen av laga produserte noko før pause. Vi hadde kanskje éin sjanse ved Erik Kanestrøm.

I andre omgang skal Christer Olsen ha hatt eit par sjansar, men det blei ingen mål på Os i dag.

– Det blei for mange tekniske feil og noko slurv frå vår side. Det såg litt halvhjarta ut i dag.

Vertane skåra to kjappe, eitt av dei på frispark, og 2-0 sto seg kampen ut.

Heimekamp 16. mai

Os ligg på 7. plass etter 5 rundar.

Sjå tabell

Os sin neste kamp går på heimebane mot Brodd laurdag 16. mai (kl 15.00).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.