Sport | 23. mai 2015

For svake framfor mål

Os tapte 0-2 for Vardeneset laurdag. – Vi speler bra, men er for svake på den siste tredjedelen, fortel Hassan El Fakiri.

For svake framfor mål
Sebastian Skåre Tune, her mot Kopervik, fekk direkte raudt kort (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 23. mai 2015 17:27

Etter berre 7 minutt tok heimelaget Vardeneset leiinga mot Os laurdag.

– Likevel tykkjer eg vi speler ein veldig bra førsteomgang.

– Vi skaper kanskje ikkje dei store sjansene, men vi er frampå og speler det spelet eg ønskjer vi skal med masse kombinasjonar og bevegelse.

– Målet til Vardeneset kjem etter ein corner.

– Personleg er eg stolt av det gutane gjer i dag, men vi skulle sjølvsagt hatt tre poeng.

– Det vil vi alle, poengterar Os-trenaren.

Blir for utålmodige

Andre omgangen startar med at Os jaktar utligninga.

– Det gjer at vi blir litt utålmodige.

– Når vi i tillegg får eitt raudt kort, så utnyttar Varderneset det og vinn 2-0.

Strengt raudt kort

Det raude kortet er det tydelegvis fleire som reagerte på. Sjølv heimelaget tvitra undervegs om at det var forferdeleg dømt.

–Situasjonen er ein skulder mot skulder-situasjon.

– Dommaren bles frispark til heimelaget og Sebastian Skåre Tune reagerar med å kjefta på dommaren.

– Eg tykkjer ikkje han skrik noko stygt. Eit gult kort hadde vore greitt, men eit direkte raudt tykkjer eg var for strengt.

– Samstundes så er det dommaren som dømmer, konstanterer El Fakiri.

Skal jobba seg ut av det

Med det tredje tapet på rad så kan det ta motet frå både den eine og andre.

– Det er ikjke noko gøy å tapa.

– Samstundes så opplever eg at gutane tek det bra. Dei virkar å ha det gøy på banen.

– Om vi berre får orden på avslutningane så blir dette bra.

– Vi må tørre å skyta når sjansen er der.

– Det kjem til å snu og vi får poenga, konkluderar Os-trenaren

Vardeneset - Os 2-0 (1-0)
Frode Moberg Øvredal, Knut Spangelo Haga, Glenn Krossøy, Sebastian Skåre Tune, Endre Brenne, Håkon Fagerbakke Kvittingen, Marius Haugland Mikkelsen (Adrian Kallekleiv Valle, 80 min), Erik Kanestrøm, Emil Halver (Steffen Årseth Ljosheim, 46 min), Kristoffer Østervold, Christer Bergesen Olsen (Sander Kvittingen, 59 min)

Kort: Christer Bergesen Olsen (gult), Sebastian Skåre Tune (raudt), Håkon Fagerbakke Kvittingen (gult), Endre Brenne (gult)

Os ligg etter tapet på 7. plass, neste laurdag tek dei i mot tabelljumbo Randaberg heime på Kuventræ.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.