Sverige kjem til Lyngheim!

Vel møtt til ein konsert med noko av det beste Sverige har å by på av folkemusikk.

(Foto: David Brohede)

Folkemusikkduoen Hazelius Hedin kjem til Lyngheim tysdag 25. april klokka 19.00. 

Duoen består av vokalisten og strengemesteren Esbjørn Hazelius og nøkkelharpevirtuosen Johan Hedin.

Dei har gitt ut fleire plater, og hausta strålande kritikkar.  Dei tok folkemusikk-Sverige med storm med sitt første album «Om Du Ville Människa Heta».

Deira andre album «Sunnan» fekk om mogleg ein endå varmare velkomst. Mellom anna blei dei lista i Sverige som eit av årets (2014) mest kritikerroste album – uavhengig av sjanger og nasjonalitet!

Billettprisen er 250 kroner.

• Enklaste måten å tinga billettar er ved betaling til vår konto 3633.31.79568. 
• Alternativet er å reservera billettar hos Thorolf Juvik – thjuvik@online.no

Vel møtt til ein konsert utanom det du vanlegvis får oppleva på Lyngheim. 
Konserten startar kl 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt frå kl 18.

Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.

Tirsdag, april 25, 2017 - 18:00