Olav Skogen fekk ein flott start på sesongen på Geilo (privat arkivfoto)

Svinga av sesongstarten

Etter ein trøblete sesong i fjor, smelte Olav Skogen til med sterke plasseringar på Geilo.

Av: Andris Hamre Mandag, desember 12, 2011 - 09:34

Alpintalentet Olav Skogen måtte sjå store delar av fjorårssesongen frå sidelinja grunna skader. Førre veke var han tilbake på snøen i årets tre første FIS-renn på Geilo.

Årets sesongopning blei ein opptur for Skogen med ein 7, 10. og 15. plass.

- Spesielt imponerande var 15. plassen torsdag, kor han hadde tøff konkurranse frå store delar av Europa, fortel far Rune Skogen.

Olav starta som nummer 84 og køyrde seg ned på 49.85, noko som heldt til ein 30. plass etter første omgang.

- Som første startande i 2. omgang køyrer han ein fantastisk omgang og kjem i mål med omgangens beste tid på 47.41.

Med den strålande andre omgangen køyrer han seg opp til ein sterk 15. plass og 39 FIS-poeng.

Skogen starta sesongen på 81 FIS-poeng, men køyrde i løpet av dei tre renna inn 100 nye poeng.

Olav, som er elev ved skigymnaset NTG på Geilo, er klar for to nye storslalomrenn til helga.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11