Svingande invitasjon til bryggedans

Rådhuset stilte mannssterke og feststemte for ein liten kickoff før Statsraad Lehmkuhl kjem, med tilhøyrande dans om bord og på brygga.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Då Os kommune inviterte til første bryggedans på den nye brygga langs Os Sjøfront blei 700 billettar røska vekk, og det måtte leggast til 150 ekstra. MS Midthordland var avlasting.

I 2015 blei bryggedansen supplert med fyrverkeri, i 2016 klaffa det sånn at Statsraaden sitt besøk blei same dag. Sånn er det også i år.

– Opplevinga startar med tokt frå Bergen, og Os Mannskor om bord. Statsraad Lehmkuhl legg til kai i Os klokka 15, og har open båt ein time frå klokka 16, fortel ordførar Marie Lunde Bruarøy.

Ho stilte på brygga saman med Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga, kultursjef Lisbeth Axelsen og næringssjef Daniel Skotheim for å feira dagens start på årets billettsal.

– På kvelden er det dans med servering både om bord og på brygga. Totalt kapasitet er 900, 360 av desse er om bord i Statsraaden (inkludert mannskap).

Osfest stiller med Mighty Magnolias, som ein forsmak på årets festival (i august), før veteranane i Diamonds og Blue Experience overtar scenen.

• Sjå bildeserie og video (fyrverkeri) frå bryggedansen i 2016 - og video frå dagens kickoff om årets dans.

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.