Sport | 13. mars 2018

Svolten på nettkjenning

Toppskårar Østervold klar for Lysekloster sin første treningskamp på heimebane.

Svolten på nettkjenning
Kristoffer Østervold skåra 20 av Lysekloster sine 55 mål førre sesong, her mot Aalesund 2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. mars 2018 09:56

I fjor skåra han 20 av Lysekloster sine 55 mål. Berre Torbjørn Grytten (22 mål) på opprykkslaget Brattvåg skåra fleire i Norsk Tipping-ligaen avdeling 4 i fjor.

Men 1-0-målet i 2-1-sigeren over Brann 2 i serieavsluttinga 21. oktober blei siste skåring på fem månadar. Lysekloster har no skåra 9 mål på 7 treningskampar, ingen av dei av Østervold.

Samtidig har han berre spelt to av kampane frå start og hatt innhopp i to andre. Motstandarane har dessutan vore lag som Nest-Sotra, Åsane og to utanlandske lag frå høgare divisjonar.

I kveld (frå kl 19) speler dei mot 4. divisjonslaget Sund, som er spådd på 2. plass i Os si avdeling. (Kampen skulle gått onsdag, men er framskynda ein dag.)

Prøvespel og sjukdom

– Eg føler meg trygg på at eg skal skåra mange mål i år òg, seier Østervold, som i vinter har slite med mykje sjukdom.

– Det har vore influensa og liknande, til saman har det vel blitt tre-fire kurar med antibiotika. Eg har òg vore ein del vekke, på prøvespel med Florø og Åsane, så eg har ikkje fått med meg heile oppkøyringa til Lysekloster. Eg er nærmast nysignert.

Etter sjukdom, fråvær og motstand frå høgare nivå ser Østervold no fram til å få ballen i nota igjen.

– Eg er nøgd med at det blir Lysekloster i år og ser veldig fram til dei neste kampane.

Møter svakare motstand i vekene som kjem

Lysekloster har blant anna vunne 3-0 over Varegg (3. div), spelt 1-1 mot Vidar (2. div) og tapt 0-1 for OBOS-laga Nest-Sotra og Åsane.

– Vi har ei formeining om at dei som slepp inn færrast mål i 3. divisjon i år rykker opp. Vi har hatt fokus på det defensive desse første månadane, og no byrjar det å sitja. Framover blir det meir fokus på det offensive.

Lysekloster har fem treningskampar igjen før seriestart heime mot Varegg 14. april.

Etter Sund i kveld ventar Vard-Haugesund (2. div) borte førstkomande laurdag.

– Vi har jo ei ny ungdomssatsing, og eg er usikker på kven som speler i kveld og kven som blir spart til laurdag, seier Østervold.

I dei neste vekene skal Lysekloster spela mot Stord (3. div) og Tertnes (3. div), begge på heimebane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.