Trafikken sto i 25 minutt på E39 etter eit sykkeluhell ved kommunegrensa. (Lesarbilde, tips@midtsiden)

Sykkeluhell på Røykenes

Vegen er opna igjen etter kort tid med stengt E39.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Klokka 18.53 tysdag rykte politiet ut på melding om trafikkulykke på E39 nær Røykenes, mellom fotoboksen ved Haugsdal-krysset og Er-An.

Trafikken sto i begge retningar, men vegen blei opna igjen rundt klokka 19.20.

– Det var ein syklist som hadde slått seg, men det var ikkje noko alvorleg likevel.

– Dei var sju syklistar i følget då den eine kom borti bakhjulet til ein annan, og ramla. Det var ingen bilar involvert og vi avslutta raskt på staden utan å oppretta sak, fortel operasjonsleiar Kronen i Vest politidistrikt.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.

bilde-midtsiden

– Heile rommet blei ommøblert

21. juli 2017

Osingane Anders Grov og Madelen Bergesen Olsen var på Kos då ferieparadiset blei råka av kraftig jordskjelv.

bilde-midtsiden

Finvêret held fram

20. juli 2017

I kveld skal det bli 27 gradar. Dei neste seks dagane ser heller ikkje så verst ut.

bilde-midtsiden

Yrande liv

19. juli 2017

Det tok ikkje lang tid før folk strømma ut og til stranda. Del din sommar på Instagram: #mellomfjordarogfjell

bilde-midtsiden

Notabene blir ARK

19. juli 2017

Frå torsdag finn du ikkje lenger Notabene på AMFI Os. Bokhandlarkjeda ARK har nemleg kjøpt butikken på Os, som ein av 24 i landet.