Båten ligg djupt i vatnet (lesarbilete)

Synkande skute

Naboar er uroa for om pioneeren held seg flytande mykje lenger.

Av: Andris Hamre Fredag, januar 20, 2012 - 09:44

Uavhengig av kvarandre har Midtsiden mottatt to lesarbilde av ein raud pioneer med ein mercury påhengsmotor som ligg heilt i vasskorpa i fjøra ved Hamnevegen.

- Det er rett før den ligg p botn med motor og fiskestenger, trur den eine av Midtsiden-tipsarane.

- Det er synd om motoren skulle bli øydelagt, meiner den andre.

Så er det du som har ein pioneer liggande i Haugsnesfjøro bør du gjerne ta turen utenom og få ausa den før det er for seint.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Eigaren risikerer å miste fiskeredskapen om båten ikkje bli ausa (lesarbilete)

Eigaren risikerer å miste fiskeredskapen om båten ikkje bli ausa (lesarbilete)