Næringsliv | 10. des. 2017

T Moberg Sko fylte 65 år

Anne-Berit Moberg vaks opp i butikken til faren, ein butikk som framleis er i vekst.

T Moberg Sko fylte 65 år
F.v.: Liv Berit Knutsson, Lene Gausvik Bårtvedt og Anne-Berit Moberg. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. des. 2017 21:40

I november markerte T Moberg Sko butikken sin 65-årsdag.

– Vi har aldri feira før, verken 60 år eller 50-årsjubileet. Ikkje tidlegare heller, som eg kan hugsa. Men det gav meirsmak, vi hadde nokre veldig travle og gode dagar, med høgare omsetnad enn under dei godt etablerte marknadsdagane i juni, fortel Anne-Berit.

Den gode lukta på far sin verkstad

Anne-Berit var berre tre år gamal då faren starta skomakerverkstad på Osøyro, i første etasje i «Høyres Hus», som låg mellom der Madam Ane ligg i dag og Joker-butikken.

– Butikk kom seinare. I ein periode produserte han også sko, den eine blei oppkalla etter meg, Anne-skoen.

Like sterkt inntrykk gjorde det då ho fekk nokre fine, raude sko som ønskte seg, som bokhandlar Olsen selte.

– Eg hadde aldri trudd at eg skulle få dei skoa. Dei var dyre og eg hadde ikkje inntrykk av at vi hadde noko særleg med pengar. I tillegg var det frå ein konkurrerande butikk.

På det meste hadde Torstein Moberg tre fulltidstilsette skomakarar. Anne-Berit var ofte innom verkstaden, gjerne på veg heim frå skulen. Nokre gongar fekk ho lov til å ta seg middag på Vinsjansen. Då blei det alltid kjøttkaker.

– Det eg likte best med å besøka butikken var den gode lukta av skinn og dei ulike kremane, minnest ho.

Ved sin lest

Butikken og skomakarverkstaden blei flytta til Lundehjørnet først, så til Telthuskvartalet, der den ligg i dag. Kvalitet og ekte vare er framleis i fokus.

– Ved sidan av å prøva å yta god service er vi nøye med varebestillingane. Vi tar inn lite syntetisk, det meste er skinn, og vi prøver sjølv alle skoa før vi tar dei inn.

– Det er mange sko som ser fine ut, men som ikkje har god lest. Ein sko skal vera god å ha på, same kor fin den er.

Anne-Berit jobba i butikken også i ungdomen, men tok seg tid til både å ta handelsskulen og å jobba eit år i London for å bli betre i engelsk. Då jobba ho blant anna på Charter House Square kloster, innan pleie og omsorg for krigsveteranar.

– Då eg kom heim var det rett i butikken igjen.

Anne-Berit var 25 år då faren døydde. Butikken blei verande i familien, eldstedottera overtok eigarskapen til bygget og butikken først i 1996.

Neste generasjon

Anne-Berit eig framleis butikken åleine, men har plan om at svigerdottera Lene Gausvik Bårtvedt skal overta.

– Lene har jobba her i 10 år og er kjempeflink, både med vareuttak og med kundane. Eg er glad eg også har fleire trufaste tilsette gjennom mange år, som Åse Sundøy.

Også Liv Berit Knutsson, som tidlegare jobba for foreldra til Anne-Berit, er framleis med, men som ekstrahjelp.

– Eg blir ikkje lei, det er framleis like kjekt å vera i butikken! Det einaste eg ikkje liker er papirarbeid, det tar eg på kveldstid, eg klarer ikkje å sitja i ro på kontoret når vi har folk i butikken, uansett kor mange vi er på jobb, seier den spreke og smilande 68-åringen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.