Lokal | 18. okt. 2013

– Ta vare på "Osheim"

Og få fortau frå gamlebrua til Hatvikvegen, var innspela som kom då Plan- og bygningsutvalet handsama oppstart av endring av reguleringsplan i Finnebrekka.

– Ta vare på "Osheim"
"Villa Sana" blei bygd i 1883, og har mellomanna vore bustad og kontor for lensmannen i Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 18. okt. 2013 09:44

Kirkens Sosialtenester kjøpte i desember 2012 dei to eigedommane i Finnebrekka kor Helse Bergen tidlegare dreiv barnepsykiatrisk behandlingsinstitusjon med eigen spesialskuleavdeling.

Kirkens Sosialtenester driv Vindfanget, og kjøpte eigedommane for å kunne sikra drifta av tilbodet.

Kan bli bustadområde

No ønskjer dei å omregulera den største eigedommen frå offentleg byggeområde.

"Berre delar av eigedommen bnr. 8 treng Kirkens Sosialtjeneste å sikra for ei framtidig utvikling av verksemda.

Gjennom ein privat reguleringsplan vil det verta avklara kva delar som tener ei slik utvikling best og kva resteigedomen kan nyttast til. Eigaren ser for seg at resteigedomen vert nytta til bustader.", skriv ABO Plan- og Arkitektur i søknaden om oppstart av reguleringsendringa.

– Villaen må vera førande

Harald Døsen (Ap) hadde i plan- og bygningsutvalet ikkje noko i mot at tiltakshavar fekk starta reguleringsarbeidet, men ønskja å leggje føringar for korleis utforminga skal bli.

– Det gamle huset (Osheim/Villa Sana, journ.mrk) vil vi ha, saman med lekeplassen ved siden av. Arkitekturen på huset må òg vera førande for korleis eventuelle bustader blir utforma, meinte Døsen.

Ønskjer heilskapleg plan

Døsen var òg inne på at ein bør regulera inn fortau både mot gamle Osbrua og opp mot Hatvikvegen. Han fekk støtte frå Terje Sperrevik (TvS).

– Eg er litt forundra over at det ikkje ligg meir historikk i saksframstillinga. Dette har vore eit betent område og er skuleveg for mange av dei som går på Os barneskule og på ungdomsskulen.

– Det hadde vore betre å fått ein heilskapleg plan som omfatta heile området frå Hatvikvegen til gamlebrua, kor ein òg tok med Lyssand sin eigendom, og kor ein sikra tryggleiken for dei mjuke trafikantane.

– Eg kjem difor til å stemma imot. Vi treng bustader, men vi treng trygg tilkomst til og frå òg, påpeika Sperrevik.

Riktig å senda signal

Gustav Bahus (Frp) var samd i at det kunne vera riktig å sende signal til utbyggar, men ikkje at det var rett å stoppa planen.

– Det er greit å gå for oppstart av arbeidet, og å senda signal om at planen må koordinerast med dei andre reguleringsplanene i området.

Sperrevik og Døsen ville ikkje gje seg på at dei meinte planen burde utvidast til òg å omfatte strekninga opp til Hatvikvegen, slik at ein kunne få regulera inn eit fortau på heile strekninga, og fekk delvis støtte frå Sonja Vernøy (Frp) som såg seg nøyd til å be om eit gruppemøte med Frp og Høgre.

– Vi er oppteken av at når vi får ein søknad om oppstart inn så held vi oss til den.

– Vi ønskjer at vi ved neste regulering av sentrumsplanen tek med fortauet på resten av strekninga i Finnebrekka. Det blir eit for hardt krav å kreve det i denne samanhengen, rapporterte Ståle Skaatun (H) etter gruppemøtet.

Gangbru over elva

Terje Sperrevik var skuffa over at posisjonen ikkje ville vera med på å krevja fortau.

– Det er skuffande at fleirtalet ikkje vil tenkje trafikktryggleik her.

– Då vil eg i staden leggja inn ei anmodning om at dei legg inn ei gangbru, som vi har teke med i sentrumsplanen, over elva mot sanitetshuset frå eigedommen nærast elva, prøvde Sperrevik seg med.

Ansvarsfraskriving

Heller ikkje dette ville posisjonen vera med på.

– Vi går for administrasjonen sitt framlegg til vedtak om å godkjenna oppstart.

– I tillegg vil vi ha med ein protokollmerknad som seier at planutvalet ber om at det blir lagt inn fortau frå Gamle Finnebrekka til Hatvikvegen i samband med rullering av sentrumsplanen, konkluderte Gustav Bahus.

– Det er ansvarsfraskriving. Sentrumsplanen blir jo berre rullert kvart halve århundre, tordna Sperrevik.

Fleirtalet på 5 med Frp/H beslutta å godkjenne oppstarten, mot Ap/TvS/Krf sine fire stemmer som ville ha med fortau opp til Hatvikvegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.