Næringsliv | 16. okt. 2017

«Tak» på tak i Os sentrum

10 år etter førre paraplyprosjekt er nye utlånsparaplyar på plass mellom dei nye glastaka på Osøyro.

«Tak» på tak i Os sentrum
William Lindborg (t.v.) fekk i dag 160 paraplyar av Daniel Skotheim i Os kommune. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. okt. 2017 07:57

Bildeserie:

Førre paraplyprosjekt var i 2007. (Foto: KVB)
Førre paraplyprosjekt var i 2007. (Foto: KVB)
Den gong blei 2000 paraplyar feira med dans. (Foto: KVB)
Den gong blei 2000 paraplyar feira med dans. (Foto: KVB)
No kan Os by på både tak og paraply. (Foto: KVB)
No kan Os by på både tak og paraply. (Foto: KVB)
1 av 3
Førre paraplyprosjekt var i 2007. (Foto: KVB)
Den gong blei 2000 paraplyar feira med dans. (Foto: KVB)
No kan Os by på både tak og paraply. (Foto: KVB)

«Liv på Øyro»-prosjektet har i år gjeve Os sentrum baldakiner med glastak på begge sider av gata Øyro (i Asplan Viak-analysen kalla «Bydraget»).

• Les òg: Får glastak - 10 år etter paraplyprosjektet

Sjølv om Os sentrum har fått glastak på begge sider av gata kom kommunen i dag med 160 utlånsparaplyar.

– Desse skal plasserast ut på butikkar, restaurantar og andre stadar der folk ferdast i sentrum, så folk kan plukka opp og setja frå seg når dei går frå bygg til bygg, fortel næringssjef Daniel Skotheim.

Paraplyane blir overrekte til Os Sentrumsforening, som inviterer både medlemmar og andre til å koma og henta ein bunke.

I og rundt sentrumskjerna

Sist gong tilsvarande blei gjort var i 2007, på initiativ frå Os Sentrumsforening etter inspirasjon frå tilsvarande prosjekt i Haugesund.

Den gong var det eit spleiselag med sponsorar og det blei kjøpt inn heile 2000 paraplyar. Prosjektet blei kalla «Tak over Os» og blei lansert med tale og dans etter Rihannas «umbrella» på Torget.

Det var ikkje mange rytmiske steg å spora då William Lindborg og Daniel Skotheim møttest for overrekking i dag. Paraplyane er færre, men opplegget er det same.

– Kanskje blir det behov for påfyll neste år, og at vi då inviterer sponsorar med på spleiselaget. No handla det først og fremst om å få paraplyane ut. Dei var bestilt for lenge sidan, før eg byrja i jobben, men kom heldigvis på plass no, i god tid før julehandelen, seier Daniel.

Paraplyane skal plasserast ut også utanfor sentrumskjerna, i Os Næringspark og Irisgården, og er gratis å låna med seg mens du har ærend i Os sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.