Lokal | 06. des. 2017

Takk, Kjell Opseth!

Lesarinnlegg: Den mest markante samferdslesministeren etter krigen er gått ut av tida. Me står takksame tilbake.

Takk, Kjell Opseth!
Kjell Opseth (Ap), gjekk bort 3. desember. Han blei 81 år. (Arkivbilde. Foto: Helge Skodvin, Bergens Tidende)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. des. 2017 10:25

Søndag 3. desember kom den triste meldinga om at Kjell Opseth (1936-2017) var gått bort. Med han er den mest markante samferdslesministeren etter krigen gått ut av tida.

Folk i Os, og særleg folk på Søfteland, har mykje å takka Kjell Opseth for.

Det var han som vedtok lang tunell frå Os mot Rådal. Dermed sparte han Søftelandsbygda for rasering av bustadfelt, gardsbruk og sentrum. I tillegg løyvde han pengar til gang- og sykkelsti frå Søfteland barneskule til Storestraumen.

Heilt frå det første folkemøtet i 1959 om ny veg, vart alternative forslag lagd fram. I 1991 skulle endeleg traseen godkjennast. Alternativ 7 langs Vindalsvatnet var eit «Columbiegg» som fleirtalet i kommunestyret slutta seg til. Arkitekten bak forslaget var ein representant frå KrF.

På Søfteland var det folkemøte då me frykta rasering av bygda. Men me vart ikkje høyrd. No hadde diskusjonen om vegtrasé vore lang nok. Det som no berre gjensto var statsråden si godkjenning.

Og Kjell Opseth kom, og med på møte var Os kommune, Hordaland vegkontor, Naturvernforbundet, og Einar Gåssand og underteikna frå folkemøtet på Søfteland.

Kjell Opseth lytta og noterte. Då alle hadde hatt sine innlegg konkluderte han. Han ville ikkje rasera Søftelandsbygda så han vedtok: lang tunell frå Svegatjørn mot Rådal.

På bussturen tilbake reiser han seg og kjem bak til oss frå Søfteland. Eg måtte syna han strekninga som mangla fortau. Det gjorde eg, og då vi kom til skulen seier han: «dette må vi kunna gjera noko med». Så reiser han tilbake til Oslo og øyremerker midlar til Søfteland sør i statsbudsjettet. Slik var Kjell Opseth.

Me står takksame tilbake. Takk for at du berga heimbygda vår. Takk for at du gav oss trygg skuleveg. Takk, Kjell Opseth.

Jan Gaassand

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.