Kultur | 23. mai 2019

– Takk for kunsten!

Nore Neset Aktivitetshus veit ikkje kven kunstaren er - men dei er glade for gåva.

– Takk for kunsten!
Desse to damene har dukka opp på Nore Neset Aktivitetshus. Ingen veit kven som står bak gåva. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 23. mai 2019 08:29

Bildeserie:

Ingen signatur - men kjende fjes? (Foto: KOG)
Ingen signatur - men kjende fjes? (Foto: KOG)
Damene prydar to av dørene inn i aktivitetshuset på Nore Neset. (Foto: KOG)
Damene prydar to av dørene inn i aktivitetshuset på Nore Neset. (Foto: KOG)
1 av 2
Ingen signatur - men kjende fjes? (Foto: KOG)
Damene prydar to av dørene inn i aktivitetshuset på Nore Neset. (Foto: KOG)

– Eg la merke til den første, dama til venstre, tidleg i april. Då la eg ut ein takk på Facebook-sida til grendalaget, utan at eg vart noko klokare på kven som stod bak gåva.

Dette fortel dageleg leiar i Nore Neset Aktivitetshus, Karin Bøyum.

– Eit par veker etterpå dukka opp éi dame til på døra inn til hallen, og vi veit framleis ikkje kven som står bak.

Dei to damene prydar no to av dørene inn i aktivitetshuset på Nore Neset.

Ikkje hærverk

Bøyum er dørgande tydleg på at damene på døra ikkje vert sett på som hærverk;

– Nei, dette er jo flott, og no håper eg dei får lov til å hengja i fred.

Ingen av bilda er signerte, så kven som står bak damene på Nore Neset er framleis eit mysterium. Det same gjeld kven dei to damene er.

Men Bøyum har ein liten teori rundt dama på den venstre døra;

– Liknar ikkje ho ikkje veldig på ho skodespelaren frå TV-serien «Heimebane»?

Les òg: Os har fått sin eigen rævadilter

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.