Lokal | 12. des. 2013

– Takk for maten

Plan- og bygningsutvalet takka dei tilsette på Os ASVO for maten.

– Takk for maten
Utvalsleiar Ståle Skaatun (H) overrekte ei lita helsing frå Plan- og bygningsutvalet til dei tilsette frå Os ASVO (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 12. des. 2013 13:23

På kvart møte i Plan- og bygningsutvalet står rundstykkane klare når utvalet kjem inn frå synfaring. Torsdag fann utvalsleiar Ståle Skaatun det på tide å takka menneskja bak smørbrøda.

– Eg vil på vegne av utvalet berre få lov til å takka.

– De gjer ein utmerket jobb i samband med møta våre.

– Det manglar ikkje på kaffi, mineralvann og nydelege smørbrød når vi set møte, helsa Skaatun gjengen frå kantina i rådhuset.

Det er tilsette ved Os ASVO som driv kantina i rådhuset, kor dei vartar opp med lunsj til kommunetilsette og, som på torsdag, møtemat om det trengs til dei mange møta i kommunal regi.

Plan- og bygningsutvalet avslutta sitt siste møte før jul med å samlast til pinnekjøt i kantina, tilrettelagt av nettopp gjengen frå Os Asvo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.