Lokal | 22. mars 2014

Takk for maten – eg kjem tilbake

Lesarinnlegg: Fortener vi restaurantane i Os sentrum?

Takk for maten – eg kjem tilbake
Brugata i Os sentrum. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. mars 2014 09:20

Det er ein laurdagskveld og eg er så heldig å bli invitert med på restaurant i Os. Eg hadde nok ikkje komt på det sjølv. Men no skal det altså skje. Eg er så heldig at jeg kan rusle til sentrum.

I det eg går over brua og tenkjer at den er blitt fin etter oppgraderinga, så tenkjer eg på korleis dei har tenkt å leie trafikken når Bjånesutbygginga er realisert. Eg slår tanken raskt ifrå meg idet eg er ferdig med brua, for blikket mitt vender til høgre, der Nordea ein gong hadde filial. Der er det tomt. Det er det også der Meglarhuset Vest ein gong sat.

Eg rundar hjørnet og tenkjer på den gongen G-sport hadde butikk. Tomt der også. Men så kjem ei lysning i terrenget. NAV. Dei må nok ha meir å gjere enn nokon gong etter flyttinga av Lyssand-produksjonen, tenkjer eg. Skal tru om det er Os' største arbeidsgjevar som held til innafor døra? Eg ruslar vidara og ser at posten no er lagt ned. Men så kjem eg til Engeline.

I det eg åpnar døra kjenner eg atmosfæra. Innbydende lokale, men alle borda er tomme.

Kanskje dei nettopp hadde opna? Hadde eg ikkje nettopp lese at vi nærmar oss 19.000 innbyggjarar i kommunen. Det må då finnast nokon som har oppdaga Engeline før meg, tenkte eg. Resten av gjestane kom og vi fylte eit bord på 12 personar. Vi sat der frå åtte til elleve og vi var dei einaste.

Eg måtte resonnera.

I Os er det altså snart 19000 innbyggjarar. Er det i snitt 4,5 personar i ein familie så er det godt over 8000 vaksne i kommunen. Dersom ein vaksen tok med seg sin betre halvdel er «marknaden» cirka 4000 besøk, dersom dei går ut éin gong pr. år. Med 350 opningsdagar i året er det cirka 11 bordsete per opningsdag. Eg talte borda på Engeline. Det hadde gått bra!

Og Engeline fortjener det. Både lokalet, betjeninga og maten var slik den skal vera på en restaurant av dette slaget.

Spørsmålet eg sat igjen med var: Fortener vi Engeline?

Dersom vi ikke nyttar oss av dei lokale bedriften har vi heller ingen rett til å syte over manglande tilbod.

Eg sit i glasshus, for det var tilfeldig at eg hamna på Engeline denne kvelden. Men; når eg først fekk oppleva så vil eg gjerne dela og oppfordra alle til å prøve ut Engeline. Det er berre å bestemma seg.

Takk for maten – eg kjem snart tilbake!

Knut Haddal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.