Lokal | 23. des. 2014

Takk til bygda vår!

Lesarinnlegg, Laila Reiertsen: Det har vore godt å oppleva all støtta, hjelpa og medkjensla som sambygdingane har vist etter brannen.

Takk til bygda vår!
Laila Marie Reiertsen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. des. 2014 18:40

Onsdag 10.desember skjedde det ein trur berre kan skje alle andre. Brått blei heimen vår råka av brann. Grufullt og uverkeleg. Der står du handlingslamma, på sida av deg sjølv.

Sjølvsagt er vi takksame for at vi alle i hustanden er utan skade. Til og med katten redda seg ut, takka vera ei katteluke.

No, etter dagar og netter, er det enno uverkeleg for oss.

Vi har mista ein heim med minner attende til 1987. Ungane våre har vakse opp i huset. Vi har delt sorger og gleder. Vener og familie har vore på besøk jamleg. Men minna kan ingen brann ta i frå oss, heldigvis.

Opp i alt er det godt å bu i ei bygd der beredskapen i sånne situasjonar fungerer optimalt. Godt er det også å oppleva all støtta, hjelpa og medkjensla både kjende og ukjende har vist. Vi er audmjuk.

Så takk for all hjelp, no tar framtida over fortida, vi startar på null.

Takk til bygda vår – me ønskjer alle ei god og fredeleg julehøgtid!

Laila, Roald, Nathalie og Fabian

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.