
Lensmann Rasmus Dalen takka osingane for samarbeidet på ei pressekonferanse onsdag ettermiddag (foto: Andris Hamre)
Takka osingane
På ein pressebrief onsdag ettermiddag takka lensmann Rasmus Dalen innbyggarane for hjelpa i samband med etterforskninga av drapet på Hilda Feste 1. nyttårsdag.
- Det har vore eit intenst arbeid fram til i dag.
- Eg vil nytta høvet til å takka lokalbefolkninga for eit godt samarbeid, opna lensmannen pressebriefen med.
- Dei har støtta politiet i arbeidet og kome med informasjon som vi har brukt i etterforskninga.
Gjennom etterforskninga har politiet fått fleire hundre tips. Dalen gav også honnør til Kripos og resten av Hordaland politidistrikt.
- Vi har gjennom pågripinga kome til ein milepæl i etterforskinga, slo lensmann Rasmus Dalen fast.
Held fram med uforminska styrke
Etter at politiet tysdag kveld greip ein 18 år gamal gut og sikta han for foresetteleg drap på Hilda Feste.
- Vi justerer no etterforskinga ut frå den nye situasjonen.
- Etterforskinga held fram med full styrke. Dei etterforskarane som er her i dag blir med vidare, avslutta Dalen.
Den sikta guten vil bli framstilt for varetektsfengsling i løpet av førstkomande fredag.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no