Lokal | 13. sep. 2017

Takkar for «To på Tinget»

Os Senterparti takkar veljarane.

Takkar for «To på Tinget»
Eivind Moberg til høgre, då Sp-leiar Trygve Slagsvold Veum var i Os i juli. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. sep. 2017 09:33

Os Senterparti takkar alle veljarane som gav stemma si til Senterpartiet ved Stortingsvalet!

Hordaland Senterparti hadde som slagord for dette valet «To på Tinget».

Det såg først ut som at vi måtte vera særs godt nøgde med eit svært godt valresultat, cirka 800 personar gav stemma si til Senterpartiet i Os kommune, og éin representant var sikra: Kjersti Toppe frå Bergen!

Så kom «morgongåva» med eit ekstra utjamningsmandat til vossingen Nils T. Bjørke! Då stod jubelen i taket og målet var nådd!

Dette har vi kjempa hardt for! Det vart ikkje ny regjering, men vi i Senterpartiet er svært glade for tida, og Senterpartiet vil føra sin eigen politikk i opposisjon på Stortinget.

Igjen, tusen takk osingar som nytta Senterpartiet sin røystesetel!

Tusen takk til alle frå Os Senterparti som på ein eller annan måte gjorde sin jobb i valkampen!

Med venleg helsing Os Senterparti ved Eivind Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.