Sport | 16. aug. 2017

Tal og fakta før Os - Lysekloster

Laga står likt etter 7 derby på 4 år. Søndag er det nytt lokaloppgjer, direkte på Eurosport (og Kuventræ).

Tal og fakta før Os - Lysekloster
Toppskårar Østervold (t.v.) har skåra 13, toppskårar Kanestrøm har skåra 14 mål til no i år. (Foto: Christina F. Bruarøy/Kjetil V. Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. aug. 2017 06:25

Søndag barkar Os og Lysekloster saman til nok eit lokaloppgjer.

Kampen blir som kjent sendt direkte på Eurosport som del av kanalens «Supersøndag»-program.

Etter at Lysekloster rykte opp til 3. divisjon i slutten av 2012, og hamna i avdeling med Os i 2013, har laga møtt kvarandre 7 gongar.

På 7 kampar har dei to laga vunne 2 kampar kvar, dei 3 andre har enda uavgjort.

Her er alle resultata (med lenkje til video/omtale):
2013: Os - Lysekloster 3-0 (2-0).
2013: Lysekloster - Os 2-2 (0-1)
2014 (NM-kvalik): Os - Lysekloster 3-1 (1-0)
2014: Os - Lysekloster 3-3 (2-1)
2014: Lysekloster - Os 2-2 (2-1)
2016 (NM): Os - Lysekloster 2-4 (eeo)
2017: Lysekloster - Os 2-0 (1-0)

I 2015 spelte dei i kvar si avdeling. Lysekloster mot lag frå Bergen, og rykte opp, Os mot fleire frå Rogaland.

Lysekloster har vunne dei to siste oppgjera, Os har ikkje slått Lysekloster sidan 2014.

Samla er stillinga, i skåra mål: Os - Lysekloster 15-14

Her er statistikk frå 2017

• Lysekloster ligg på 2. plass med 33 poeng, Os ligg på 9. plass med 22 poeng
• Begge lag har berre tapt 2 heimekampar i år

• Lysekloster har berre skåra 2 mål meir enn Os (34/32) på 16 kampar
• Os har sleppt inn 11 fleire mål (33/22) enn Lysekloster

• Os sin toppskårar, Erik Kanestrøm, har skåra 14 mål for Os til no i år.
• Lysekloster sin toppskårar, Christoffer Østervold, har skåra 13.

Os - Lysekloster startar klokka 15.00 søndag.

TABELL OG TERMINLISTE


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.