Sport | 29. nov. 2015

Tangerte verdsrekorden

Video: Fire dagar etter at han kom på topp 10 i NM gjorde Sondre Ø. Aksnes noko berre fire andre i verda får til.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. nov. 2015 08:19

Bildeserie:

Sondre Aksnes når han gjorde ein 4 x Magellan in-in (skjermdump frå video)
Sondre Aksnes når han gjorde ein 4 x Magellan in-in (skjermdump frå video)
Sondre landa ein fin 10. plass i NM (privat foto)
Sondre landa ein fin 10. plass i NM (privat foto)
1 av 2
Sondre Aksnes når han gjorde ein 4 x Magellan in-in (skjermdump frå video)
Sondre landa ein fin 10. plass i NM (privat foto)

Freestyle-Sondre deltok nyleg i NM i Oslo, der han landa på ein fin 10. plass.

– Det starta med ein innleiande runde der du hadde eitt minutt på deg å visa kva du kan. Så blir du rangert for seeding i neste runde, der det er battle, forklarer Sondre.

Les òg: Passerte 14.000 følgjarar på Instagram

17-åringen frå Os blei rangert som nummer 10 av 18 deltakarar og måtte i mann til mann-kamp mot han på 7. plass.

– Eg visste at han er god, og at han er betre enn meg til å sitja å triksa, så eg visste at eg måtte ta nokre vanskelege triks for å slå han. Eg gambla, men feila litt for mykje, dermed gjekk eg ikkje vidare.

– Men eg er nøgd med å koma på topp 10, seier Ødegård Aksnes om NM, som blei arrangert fredag 13. november.

I verdsklasse på heimebane

Heime i Os var han rask med å koma seg i trening igjen, og hos sponsor Sprek og Blid var han tysdag 17. november under tak for å triksa vidare.

– Eg prøvde meg på ein 4x Magellan in-in og kunne nesten ikkje tru det då eg fekk det til.

Magellan (etter den portugisiske jordomseglaren Ferdinand Magellan) in-in er dobbelt «jorda rundt», med foten innover på begge rundane. Sondre visste frå før at fire på rad er verdsrekord.

– Eg delte historien og videoen med andre i miljøet, blant anna fire gongar verdsmeister Andrew Henderson, og det ser ut som om det berre er fire andre i verda som klarer dette trikset! fortel Aksnes nøgd.

Sondre har hatt eit godt freestyle-år med fleire show både i Os og i Bergen, og held fram med å auka både i nivå og følgjarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.