Sport | 22. mai 2018

Tap for Lysekloster

Lysekloster fekk det tøft mot unggutane til Brann og tapte 1-3.

Tap for Lysekloster
Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik fekk noko å tenkje på i bortemøtet mot Brann (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 22. mai 2018 19:04

Tysdag kveld spelte Lysekloster borte på Nymark mot Brann 2. Heimelaget som har fått ein trå start på sesongen og som låg med null poeng før kampen mot opprykkskandidatane frå Lysefjorden gjekk ut frå start og tok leiinga med skåring etter 21 og 22 minutt.

Vel ti minutt seinare reduserte Lysekloster ved Vladan Radojkic og laga gjekk til pause med heimelaget eitt mål foran.

Sigersmålet kom etter 81 minutt då Marius Bildøy satte inn 3-1 for Brann 2.

Brann 2 - Lysekloster 3-1 (2-1)
Målskårar, Lysekloster: Vladan Radojkic
Lysekloster sitt lag: Kjetil Hansen, André Matos (Sigve Rørstad, 58 min), Eirik Rode (Even Hepsø Vetås, 55 min), Mats Walberg, Denis Ljubovic, Mohammad Hasan Rahmani, Rune Mo, Thorvald Trætteberg, Marcus Thormodsen (Martin Pedersen, 73 min), Vlandan Radojkic, Stian Dyngeland

Langt under pari

Lyseklostertrenar Ruben Hetlevik er naturleg nok ikkje nøgd etter tysdagens kamp mot Brann 2.

– Dette var ein prestasjon langt under pari. Tapet kjem som ein kombinasjon av ekstrem ineffektivitet og slurv frå vår side. Vi har 24 avslutningar, 18 av dei innanfor sekstenmeteren. Likevel skårar vi berre eitt mål. Det er heilt utruleg.

– Dette var vel tre poeng de skulle ha. Kva får tapet å seia for fortsettelsen?

– Det er ingenting som er avgjort enno. Vi skal spele to kampar mot alle dei andre laga, så eg føler ikkje det glapp i dag, men vi fekk oss ein skikkeleg vekkar. Vi kan ikkje tru at det berre er å spasere seg gjennom kampane i tredje divisjon. Vi må vera så gode som vi kan i kvar kamp. Det var vi ikkje i dag, og det blei vi straffa hardt for, konkluderer Hetlevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.