Sport | 18. feb. 2017

Tapte for Åsane

Osherrene fekk det tøft då Arne Veim Haugland blei utvist.

Tapte for Åsane
Aleksander Heggø var tilbake etter ei lang skadeperiode, men klarte ikkje å hindra Os-tap (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 18. feb. 2017 17:55

Samstundes med at damelaget til Os håndball spelte årets siste heimekamp, var herrene på tur til Åsane og oppgjer i 3. divisjon.

– Vi kjem bra i gang og leier 4-0 og 4-1. Då speler vi bra framover. Arne Veim Haugland skårer på det meste, samstundes om forsvaret og Einar Godø står bra bakover. Alt er eigentleg på stell, fortel Ostrenar Kenneth Husebø.

Fekk raudt kort

Kampen snur i følgje Husebø då Åsane skaper ein situasjon som ender med at Arne Veim Haugland endar med raudt kort.

– Med dei to backane Trygve Lerch Dahl og Jørgen Wold vekke på reise, så måtte eg nytta strekane våre på back saman med Isak Røen. Det gjer det heile litt vanskelegare.

– Samstudes gjer vi mykje tekniske feil og roter det til for oss sjølv, noko vi blir hardt straffa for av Åsane. I dag hjelper vi Åsane til siger.

– Når det er sagt, så må vi jobba betre i forsvar enn det vi gjer utover i kampen i dag. Hadde vi spelt smartare i angrep og betre i forsvar så hadde vi tatt dette her, meiner Husebø om 31-26 tapet på bortebane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.