Sport | 14. nov. 2016

Tapte finalen i Lagunen Fotballfest

Os junior gjorde som Os G14, hamna under 0-2, reduserte til 1-2, men måtte ta til takke med 2. plass.

Tapte finalen i Lagunen Fotballfest
Os 1 landa òg på 2. plass i 1. divisjon i serien, her i avgjerande toppkamp mot Osterøy i haust. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. nov. 2016 08:55

Lagunen Fotballfest blei avslutta med finalar i går. Av tre juniorlag var det Os 1 som kom lengst, etter 6-2-siger i kvarfinalen og 4-1 i semien, sto Sædalen som motstandar då Os ville forsvara tittelen frå i fjor.

Os tapte 1-2 for Sædalen i innleiande runde, finalen fekk same resultat.

– Vi hamna under 0-2. Eg synest vi var best, men to mål er mykje å ta igjen på korte omgangar, spesielt når du veit at du, grunna divisjonsforskjell, får ein handikap-straffe imot når kampen er ferdig, seier Odd Jarle Hjelle.

Os skapte nok sjansar til å utlikna, men klarte berre skåra eitt mål i finalen.

Gutespelar Alexander Tøssebro kom innpå og reduserte til 1-2 på corner. Finalen enda 1-2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.