Sport | 13. feb. 2016

Tapte for Fyllingsdalen

Os stilte ungt og tungt og gjekk for første gong i vinter på eit tap i ein treningskamp. – Det var godt å sjå kor dei sleit, seier Håland.

Tapte for Fyllingsdalen
Steffen Ljosheim (t.v.) og Torkel Hjertnes var blant dei som spelte frå start for Os i dag. Her i trening torsdag denne veka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. feb. 2016 21:32

Fyllingsdalen berga plassen i 2. divisjon med ein marging på eitt poeng i fjor. I dag fekk dei Os på besøk.

Os har tidlegare i vinter spelt uavgjort mot Bjarg og vunne over Tertnes og Brann 2.

Fyllingsdalen - Os 3-0 (1-0)
Os: Andrew Todd - Ludvig Egge Drange, Devante Dubose, Torkel Hjertnes, Knut Spangelo Haga - Torgeir Lunde, Erik Kanestrøm, Steffen Ljosheim - Øystein Takle Eide, Emil Halvér (Fredrik Haustein) og Anders Havsgård (Fabian Bødtker).

Over halvparten av utespelarane Os brukte i dag er 18 år eller yngre.

– Ungdomane klarte seg bra. Den største forskjellen i dag var det fysiske. Vertane såg ut som om dei var normalt lett i beina, vi var veldig tunge og det var faktisk kjekt å sjå. Det er meininga at dei skal vera i kjellaren på denne tida.

– Innsatsen var god og kampen ganske jamn, men i dag var det så tydeleg å sjå at dei sleit at eg og Hassan måtte flira litt innimellom. Vi skal køyra tungt i to veker til før vi slepp opp. Målet er jo at vi skal bli grashopper til våren, og då skal det gå unna, seier assistenttrenar Ørjan Håland.

To debutantar

Os stilte utan blant andre El Fakiri, Villén, Mikkelsen, Brenne og brørne Kvittingen. Også Markus Sørås Bjørnevik måtte stå over, noko som gav rom for mykje speletid for debutant Ludvig Egge Drange.

Egge Drange, som ei veke etter 16-årsdagen i januar debuterte for handballherrane til Os, gjorde det bra mot éin divisjon sterkare Fyllingsdalen. Han var ikkje den einaste unge debutanten, eitt år eldre Fredrik Haustein kom inn for Emil Halvér på venstrekant.

Neste treningskamp går borte mot Odda om ei veke.

Midtsiden samleside: Os herrefotball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.