midtsiden

Tapte for Gneist 2

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Damelaget til Os klarte seg bra spelemessig, men er ikkje nøgd med eigen utteljing i serieopninga.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, april 11, 2011 - 15:41

Søndag starta serien for damelaget til Os. Dei hadde på førehand rekna med god motstand i andrelaget til Gneist, men er ikkje nøgd med 0-4-tap.

Os - Gneist 2: 0-4 (0-2)

– Spelemessig var dei betre enn oss, men vi skapte nok til at vi burde fått oss 2-3 mål, meiner trenar Rune Balland.

– Caroline Nilsen, som er ein veldig viktig spelar for oss på topp saman med Linn Helen Thuen, blei skadd 3-4 minutt ut i kampen.

– Ho kjente strekken allereie då ho varma opp, at ho måtte gje seg gjorde at vi måtte omrokkera ein del.

No håper han på å få Nilsen tilbake snarast.

– Vi har ein tynn stall på 16-17 spelarar, så vi treng både Caroline og litt påfyll for å få stor nok stall.

Gårsdagens lyspunkt var unge Mathilde Helland Lassen.

– Mathilde, som er fødd i 1996, kom innpå i 2. omgang og klarte seg veldig bra, synes Balland.

Fyllingen 1 slo Lindås 13-1 og Radøy/Manger slo Bjørgum 10-0 i første runde. Os møter Bjørgum på bortebane i neste kamp, som går 1. mai.

SJÅ TABELL

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11