Sport | 25. juli 2014

Tapte i siste minutt

Jentene frå Nore Neset var veldig nær 1/8-finale i A-sluttspelet i Danacup.

Tapte i siste minutt
Jentene frå Nore Neset spelte ein jamn kamp mot Arna-Bjørnar, men 2-2 blei til 2-4 i løpet av dei siste 2 minutta. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. juli 2014 12:53

Nore Neset, som er i Danacup med fem lag, har eit jentelag som gjorde god figur i A-sluttspelet.

Etter å ha vunne 5-0 og 2-0 i dei to siste innleiande kampane spelte dei jamt mot jentene frå storklubben Arna-Bjørnar.

– Det sto 2-2 til det var 2 minutt igjen, så fekk motstandarane godkjent eit offside-mål og følgte opp med eitt til før slutt.

– Det var eit surt tap, men eg er stolt over kor god kamp jentene våre spelte, seier trenar Kenneth Hufthammer.

Gutar 13 kom til B-sluttspelet der 1/16-finalen gjekk til straffekonk. Heller ikkje gutane tok seg til 1/8-finale, kampen enda 4-6 der danske Hjørring vann.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.