Sport | 16. apr. 2016

Tapte krigen

Det blei tap i den historiske første 2. divisjonskampen i Lysefjorden. Fana med Fredrik Heggland vann 1-0.

Tapte krigen
Det blei ein krig mellom Fredrik Heggland, Sindre Flaa og dei andre på Fana og Lysekloster (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 16. apr. 2016 16:53

Bildeserie:

Tøffe dueller prega kampen (foto: AH)
Tøffe dueller prega kampen (foto: AH)
Christer Olsen hadde sjansen, men klarte ikkje overlista keeperen (foto: AH)
Christer Olsen hadde sjansen, men klarte ikkje overlista keeperen (foto: AH)
Omlag 350 fekk med seg den historiske førstekampen i 2. divisjon (foto: AH)
Omlag 350 fekk med seg den historiske førstekampen i 2. divisjon (foto: AH)
1 av 3
Tøffe dueller prega kampen (foto: AH)
Christer Olsen hadde sjansen, men klarte ikkje overlista keeperen (foto: AH)
Omlag 350 fekk med seg den historiske førstekampen i 2. divisjon (foto: AH)

16. april vil for alltid stå som ein historisk dag for Lysekloster IL. Det var dagen dei for første gong spelte 2. divisjon på heimebane. Motstander var nabo Fana.

Kampen starta som ein stillingskrig framfor 350 tilskodarar på tribunen. Ingen av laga hadde dei heilt store sjansene før Christer Olsen blei spelt igjennom etter 34 minutt. Fanakeeperen kom kjapt og godt ut og hindra Olsen.

I staden kom Fana på noko som minna om ei kontring. Joakim Dankertsen satte inn 0-1 til gjestane. Herfrå og ut omgangen tok gjestane styringa, mellomanna med eit skot i tverrliggeren.

Lysekloster - Fana 0-1 (0-1)
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Ola Sjømælingen, Baste Jonassen, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen, Espen Birkeland, Ståle Steen Sæthre (Hans-Christian Nysæther 68), Sindre Hitland Flaa, Thomas Helland, Tommy Gaustad (Gojko Ivkovic 77), Christer Bergesen Olsen.

Andre omgangen starta gjestane best med eit nytt skot i tverrliggeren. Ballen spratt ned på linja og ut.

Derifrå og ut kampen blei det ikkje berre ein stillingskrig, men òg ein meir fysisk krig med ein god del frustrasjon hjå heimelaget og tøffe taklingar.

Heile åtte ganger var dommar Cosmin Dima oppe med det gule kortet. Tre gonger til heimelaget og fem til gjestene.

Nøgd med siger

Gjestene var nok hakket vassare enn heimelaget. I det 79. minutt viste Chris Sunde Midtun i Lyseklostermålet kvifor han blei kåra til dagens Lysekloster-speler med ei vanvittig dobbeltredning.

– Det blei kriging. Vi skulle gjerne satt spelet meir i 2. omgangen, men uansett var det deilig med seier, kommenterer tidlegare Os-spelar Fredrik Heggland på Fana etter kampen.

Sjølv tykkjer han det er deilig å vera tilbake på banen etter at han blei skadd i kampen mot Åsane for Brann i førre sesong.

– Eg er akkurat i gang igjen. No har eg fått tre kamper på ei veke. Eg kjenner der, seier Heggland med eit smil.

Ikkje godt nok

Ein som ikkje smilte like breitt var Lysekloster-manager Thomas Sandal.

– Dette var skuffandes. Eg skulle ønskt at vi hadde produsert meir og slept oss meir laus.

– Vi heng godt med Fana, men blir for feige. Vi må ha tru på det vi held på med. Det vi viser i dag er ikkje godt nok, slår Sandal fast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.