Sport | 05. aug. 2017

Tapte på 10 sekund uoppmerksomhet

Lysekloster køyrde store delar av toppoppgjeret mot Brattvåg, men 10 sekund uoppmerksomhet blei sjebnesvangert.

Tapte på 10 sekund uoppmerksomhet
Lysekloster måtte reise heim frå Brattvåg med tap i baggen (foto frå oppgjeret i vår: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 05. aug. 2017 15:44

Medan Os spelte heime mot Stord laurdag, tok Lysekloster turen til Møre og toppoppgjer mot Brattvåg.

Førsteomgangen var jamnspelt, men heimelaget tok føringa.

– Dei har ei kjempesjanse som Kjetil Hansen i mål redda meisterleg. Det var ein ekstrem god prestasjon av Kjetil, fortel trenar Ruben Hetlevik.

Skade og uoppmerksom

Det avgjerande målet kom etter 25 minutt.

– Dei får frispark og brassesparkar ballen i mål. Vi fekk ei skade på Markus Attila i den situasjonen og var uoppmerksomme i ti sekund. I toppoppgjer som dette blir du straffa hardt for det, seier Hetlevik frå bussen på veg heim til Lysefjorden.

Styrte kampen

Etter skåringa tok Lysekloster over styringa i kampen og var frampå med fleire store sjanser.

– Brattvåg har to redningar på strek, vi treff nedsida av tverrliggaren og ballen sprett på streken før dei får klarert den. Vi har to opne skot frå 14 meter som dei blokkerar og slår ut til corner. I dag var vi ikkje god nok den siste millimeteren.

– Vi har store sjanser og gjer ein god forsvarskamp, oppsummerer Hetlevik.

Brattvåg - Lysekloster 1-0 (1-0)
Lysekoster sitt lag: Kjetil Hansen, Mirza Mujcic, Vladan Radojkic, Thorvald Trætteberg, Attila Mark Markus, Denis Ljubovic, Espen Birkeland, Håkon Moldeklev, Hans-Christian Nysæther, Ole Thomas Herrem, Kristoffer Østervold.
Innbyttarar med speletid: Sigve Rørstad, Ken-Joar Føyen

Med sigeren har Brattvåg fått ei luke på fire poeng på Lysekloster.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.