Sport | 17. mars 2018

Tapte på overtid

Lysekloster var i føringa til 73. minutt var spelt borte mot Vard Haugesund.

Tapte på overtid
Østevold, her mot Brann 2 i serieavsluttinga i fjor, blei utvist i dagens treningskamp. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. mars 2018 16:30

Lysekloster spelte i dag treningskamp på bortebane mot Vard Haugesund, som i fjor landa på 8. plass i PostNord-ligaen (2. divisjon).

– Vi var veldig gode i store delar av kampen. Vi skapte mange store sjansar og eg er skuffa over at vi ikkje vinn i dag, seier Ruben Hetlevik.

Lysekloster tok leiinga då Matos heada inn eit frispark i 37. minutt. Vard utlikna i 73. minutt og tok leiinga i 90. minutt.

– Andre omgang starta som første omgang slutta. Vi var i føringa og fekk rulla opp angrep etter angrep. Men etter at Østervold blei utvist (to gule kort, og sidan det er treningskamp fekk Lysekloster erstatta Østervold), blei det mykje kriging og mange dødballar. Vard ville at det skulle koka litt, og vi heiv oss på. Dessverre takla dei dette betre enn oss.

Vard Haugesund - Lysekloster 2-1 (0-1)
Lysekloster: Thomas Hille, Thorvald Trætteberg, Denis Ljubovic, Andre Matos, Mats Walberg, Eirik Rode, Rune Mo, Hassan Rahmani, Stian Dyngeland, Martin Pedersen, Kristoffer Østervold.
Innbytarar: Magnus Eidsvåg, Sigve Rørstad, Erlend Opheim Instebø, Lars Hadler-Olsen, Marcus Sannes.

Lysekloster sin neste treningskamp er heime mot Stord skjertorsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.