Sport | 03. mai 2010

Tapte for Vålerenga

Os leia fortent til pause og brente fire kjempesjansar i andre omgang før Vålerenga 2 overtok.

Tapte for Vålerenga
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. mai 2010 16:26

Bildeserie:

1 av 10

Os tapte dagens heimekamp 2-3 etter å ha leia 2-1 til pause. Endre Brenne skåra 1-0 og 2-1 måla til Os i 11. og 26. minutt.

- Vi bles over dei i ein time og brenn fire store sjansar før dei utliknar i andre omgang. Dette er eg nøgd med, seier Frank Hellevik.

Rundt 300 publikummarar fekk med seg nok ein spennande kamp i høgt tempo, og med rikeleg med sjanseproduksjon av heimelaget.

Marginane på feil side
At Os står med berre eitt poeng etter tre rundar uroar ikkje trenaren.

- Det var ikkje uflaks eller slurv som gjorde at vi tapte i dag. Alle som såg kampen såg at vi skapte rikeleg til å ta poeng, at vi berre var marginar frå eit flott resultat.

- Marginane hamnar på vår side snart, trur Hellevik.

Daniel best igjen
To av spelarane som kom til Os i vinter fekk verkeleg vist seg fram i sesongens andre heimekamp. Midtstoppar Endre Brenne skåra begge måla til Os, Daniel Kalstad blei som i førre heimekamp kåra til dagens Peppes Pizza-spelar.

Kalstad gjorde alt sjølv i forkant av minst tre gode avslutningar på mål, i tillegg hadde han minst to perfekte innlegg som Tim og Tore var få centimeter frå å skåra på.

- Robust
Vålerenga-manager Martin Andresen spelte sjølv i kampen mot Os.

- Dei var farlege på dødballar og kontringar, eit fysisk robust lag, seier Andresen om dagens motstand på Kuventræ.

- Eg har ikkje trent sidan eg la opp, men bidrar for andrelaget når det er behov.

Os - Vålerenga 2: 2-3 (2-1)
Mål: Endre Brenne (11. og 26.) Mos (13.) Adnan Haidar (55.) og Håvard Nielsen (78.).
Gule kort, Os: Tore Valvik
Publikum: ca 300

Os (4-3-3): Halvard Enes, Baste Jonassen (Anders Glesnes 74.), Endre Brenne, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tore Valvik, Preben Borgen (Vegard Leikvoll Moberg 82.), Daniel Kalstad, Tim Henrik Sperrevik og Torkel Hjertnes (Christer Olsen 82.).

VIF2: Kristian Krohn Holm, Nikolai Næss, Christoffer Bergersen,Juan Fuanmayor, Kristian Brix, Lars Iver Strand, Adnan Haidar, Dawda Leigh, Håvard Nielsen, Martin Andresen, Mostafa Abdulauoe.

Os spelar neste kamp på bortebane mot Frigg laurdag 8. mai.

SJÅ TABELL

Her kan du sjå video med alle skåringane og nokre av sjansane:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.