Sport | 25. juni 2013

Tar ferie på toppen av tabellen

Oversikt: Sånn har dei 8 seniorlaga i Os gjort det i vårsesongen og dette er datoane for lokaloppgjera Lysekloster-Os og Nore Neset-Søre Neset.

Tar ferie på toppen av tabellen
Årets heilgardering? Nei, det er Simon Aasen som får ballen i retur frå hekken til ein Sædalen-spelar. (Blinkskot: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. juni 2013 08:24

Vårsesongen er over for dei 7 herrelaga i Os, frå 3. til 6. divisjon, og for damelaget til Os TF, som speler i 4. divisjon.

Vi tar damene først, og damene har hatt sin beste vårsesong på fleire år.

Os ligg på 2. plass i avdeling 2 etter 9 rundar, 5 poeng bak Sund etter 7 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap.

Dei runda av våren med ein sterk 7-1-siger over Bjørum og startar haustsesongen med heimekamp mot Krabbetor søndag 18. august.

Held damene seg på 2. plass gjennom hausten får dei spela kvalifisering om opprykk.

2. og 4. plass i 3. divisjon

Storebror Os fekk den beste starten, og vann det spennande lokaloppgjeret på Kuventræ, men nykomar Lysekloster har levert mest stabilt i 3. divisjon denne våren.

Lysekloster (8-1-3) ligg på 2. plass 3 poeng bak Stord etter 12 rundar.

Os ligg på 4. plass (7-1-4) 2 poeng bak Øystese i avdeling 7.

Lysekloster startar hausten med bortekamp mot Fyllingsdalen 2 måndag 22. juli, Os startar hausten borte mot Kopervik laurdag 20. juli.

Neste derby, Lysekloster - Os, blir allereie laurdag 27. jul (kl 16.00).

Det er med andre ord verdt å ta ferien tidleg i år.

Andrelaga på andre halvdel av tabellen

Verken Os 2 i 4. divisjon eller Lysekloster 2 i 5. divisjon har gjort det like godt som A-laga.

Os 2 tapte siste vårkamp 2-5 for Frøya og tar ferie på 10. plass på tabellen.

Lysekloster 2 tapte 1-7 for Hetlevik og tar ferie på 7. plass.

Søfteland best i 6. divisjon

Sidan Lysekloster 2 i fjor rykte opp til 5. divisjon, og Søre Neset rykte ned frå 5. divisjon, er det framleis tre 6. divisjonslag i Osbygda.

Søfteland har gjort det klart best og toppar si avdeling etter 4-3-siger over Hausvik på bortebane fredag.

Søfteland (8-0-2) står med 24 poeng på 10 kampar og har Kalandseid på plassen bak.

Eikelandsfjorden speler i same avdeling og ligg på 9. plass av 10 lag.

Søre Neset og Nore Neset speler i same avdeling og ligg på 5. og 8. plass etter 8 og 7 kampar.

Søre Neset (4-3-1) er berre 4 poeng frå toppen, med éin kamp mindre spelt, Nore Neset har berre tatt 7 poeng på 7 kampar.

Lokaloppgjeret Nore Neset - Søre Neset blir spelt laurdag 17. august (kl 13).

Førre kamp mellom dei to blei uavgjort 1-1.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.