Kultur | 04. mai 2016

Tar imot 570 songarar

Songarstemnet til Os Mannskor har auka frå 18 kor i 2014 til 24 kor når «Leve sangen» om drygt to veker går av stabelen på fem konsertscenar i Os.

Tar imot 570 songarar
Terje Skutlaberg og Thore Lunde ved Oseana, der opptoget startar laurdag formiddag 21. mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. mai 2016 13:10

Bildeserie:

18 kor deltok i 2015. (Foto: KVB)
18 kor deltok i 2015. (Foto: KVB)
Laurdag 21. mai blir Osøyro fylt med song igjen. (Foto: KVB)
Laurdag 21. mai blir Osøyro fylt med song igjen. (Foto: KVB)
1 av 2
18 kor deltok i 2015. (Foto: KVB)
Laurdag 21. mai blir Osøyro fylt med song igjen. (Foto: KVB)

Os Mannskor, som i fjor fylte 90 år (sjå video frå jubileumskonserten), har kalla songarstemnet sitt opp etter ein av dei første låtane dei øvde inn, forfattarlause «Leve sangen» frå 1920-talet.

Songastemnet i 2014 blei ein suksess, med regnvêr som letta før marsjen frå Oseana til Os sentrum, og gode konsertar fleire stadar i Os same dag før felles fest på kvelden.

Les òg: Strålande opning av songarstemnet (med bildeserie og video)

– I år har vi utvida til tre dagar, med grilling ved Oseana fredag og konsert under høgmesse i Os kyrkje søndag, fortel Terje Skutlaberg.

Deltakarmengda har òg auka, frå 18 til 24 kor, rundt 570 songarar kjem til Os helga 20. til 22. mai.

Kor frå Sogn og Fjordane og Telemark er blant deltakarane, som inneheld 2 reine damekor, 9 mannskor og 13 blandakor. Tre av kora, Os Kammerkor, Os Vocalis og Lysekoret er, saman med arrangørane Os Mannskor, deltakarar på heimebane.

– Vi skal delta på opptoget og opninga utandørs i Os sentrum, og på opninga av fellesmiddagen laurdag kveld, elles har vi nok med avviklinga av arrangementet, seier Thore Lunde.

6 konsertar på 5 timar

Utanom opptoget og opninga skal kvart kor synga i ti minutt under to ulike konsertar. På kvar konsert får du med andre ord høyra ulike kor.

Det blir to konsertar i Oseanasalen, to i Os kyrkje, éin i Griegsamlinga i Oseana og éin i Nore Neset kyrkje, alle om laurdagen mellom klokka 12 og 17. I tillegg blir det «singers corner» på Amfisenteret, i år med scene og meir organsiert enn sist, meir som ein konsert.

I Os kyrkje vil òg nokre av kora koma inn som gjestar under gudstenesta søndag.

– Dei fleste har fri entré, men det blir billettsal til konsertane i Oseanasalen og kollekt under kyrkjekonsertane. Kollekten går til det planlagte tilbygget på Kyrkjetunet, eit tilbygg vi trur blir fint for framtidige mindre konsertar, seier Skutlaberg.

Overnatting på Solstrand og i Ulven leir

Sktlaberg og Lunde legg ikkje skjul på at det er ein stor dugnadsinnsats som blir lagt ned for å arrangera og avvikla songarstemnet.

– Vi er rundt 40 medlemmar i koret og har mange flinke og hjelpsame ektefeller med oss.

60-70 av deltakarane skal sova på Solstrand, minst like mange blir innkvartert i Ulven leir, som følgje av ein ny avtale mannskoret har fått med Sjøforsvaret.

– Haakonsvern stiller med frukost, mens vi skal gjera sengene klare. Torsdagen før stemnet har vi 10 koner i sving i leiren for å reia opp.

Kvart kor har sin vert under, eit medlem av Os Mannskor eller ein av ektefellene, som hjelper alle med å koma fram til rett plass til rett tid. Logistikken er løyst med eit godt samarbeid med Osbuss.

– Her har Olav Solberg hos oss gjort ein kjempejobb med å organisera overnatting og transport, seier Thore og Terje.

Med maestro i liften

Os Mannskor er nøgd med avtalar med både Sjøforsvaret, Solstrand og Osbuss. I tillegg er dei takksame for samarbeid med Os kommune, politi og brannvesen.

– I 2014 tok den mobile liften vi hadde dirigentane i litt mykje plass mellom songarane. I år får vi Os brannvesen sin lift, den har så god rekkevidda at han kan løfta dirigenten inn over dei 24 kora.

Nytt i år er også at deltakarane må ta omsyn til midlertidig E39, til ferjetrafikken gjennom Os sentrum. Det har dei løyst ved å justera på starttidspunktet så opptoget kan blokkera Mobergsbakken når trafikken er lågast mogleg.

Toget må òg ta omsyn til legginga av stein på Øyro, og må truleg marsjera inn Torggata i staden.

God inntekt til aktivt kor

Det er Norges Korforbund-Hordaland som offisielt står som arrangør. Dei stiller med medlemslister for sending av invitasjon og med leiar som held opningstale.

– Førre stemne blei god inntekt for oss begge. Forbundet tar 30 prosent av deltakaravgiftene og fekk 65.000 i kassen, vi sat igjen med 130.000 kroner. I år blir det endå meir, men det er òg meir jobb.

Os Mannskor ser for seg at det kan bli tradisjon med songarstemne i Os år om anna, og ser fram til å ta imot gjestane helga etter 17. maifeiringa er over.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.