Kultur | 11. des. 2017

Tar «To meter tulling» til scenen i Bergen

Standupdebutant Thomas Helgesen er headhunta av Made Management.

Tar «To meter tulling» til scenen i Bergen
Etter braksuksess i Os køyrer Thomas Helgesen «To Meter Tulling» i Bergen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. des. 2017 08:48

Bildeserie:

Thomas Helgesen på scenen i Oseana i november. (Foto: KVB)
Thomas Helgesen på scenen i Oseana i november. (Foto: KVB)
Per Mygland i Made blei med kona på show. Det førte Thomas til Bergen. (Arkivfoto: KVB)
Per Mygland i Made blei med kona på show. Det førte Thomas til Bergen. (Arkivfoto: KVB)
1 av 2
Thomas Helgesen på scenen i Oseana i november. (Foto: KVB)
Per Mygland i Made blei med kona på show. Det førte Thomas til Bergen. (Arkivfoto: KVB)

Mens osingar som har sett Thomas Helgesen på «Nor og ne»-revyen hadde store forventingar, og kjøpte 1000 billettar til show og ekstraframsyning, sat Per Mygland i bil på veg til noko han trudde skulle bli eit pinleg show for ein debutant i 40-årskrise.

– Kona mi (Cathrine Ulvatne) gjekk i klasse med Thomas på ungdomsskulen og ville absolutt ha meg med. Eg visste ikkje kva eg gjekk til, og endte med å gapskratta i nitti minutt! Eg har ikkje ledd så mykje sidan første gong eg såg show med Dagfinn Lyngbø!

• Les òg: Stolt av standupdebutanten

Mygland er direktør i Made Management, byrået som blant andre har Aurora i stallen.

– Vi kontakta Thomas og har no fått han med på å halda seks framsyningar på Lille Ole Bull til våren.

I tillegg til seks show i mars har Made opsjon på to til i april.

– Ein stor overgang

Helgesen fortel at prosessen med å skriva og setja opp eit soloshow var veldig ulik det å skriva og delta i revy.

– Det å veta at eg ikkje har nokon andre å kvila meg på, var nytt, og ganske nervepirrande.

– Samtidig er eg kontrollfreak, så eg likte det litt òg. Dessutan, då eg først kom i gang, så var det ei god kjensle. I motsetnad til på revy, der du skal vera mange ulike karakterar, med kvar sine kostyme, og fly på og av scenen, kjentes det her ut som om eg berre sto og snakka med folk.

Å motta så mange udelt positive tilbakemeldingar synest han der og då har blitt i overkant, og litt flaut å ta imot.

– Samtidig er det jo stas å oppleva at folk har hatt det kjekt, og at der ser ut som om eg fekk det nokolunde til.

• Berre to gongar før har han gjort standup åleine (sjå video frå 2016 og 2017), men «To Meter Tulling» var hans første heilaftans-show.

Takka nei til mange tilbod

Etter dei to utdelte showa i oktober og november har det kome mange førespurnader om å halda show på julebord og liknande.

– Det har eg takka nei til. Eg vil ikkje ta sjansen på å koma inn midt i ein middag, kanskje med dårleg lyd og lys, og levera noko som ikkje blir godt nok.

Oppmodingar om å setja showet opp fleire gongar har han derimot vurdert.

– Eg var og såg favoritten min før helga, Dagfinn Lyngbø. Eg har sikkert brukt like mykje tid som han på å laga mitt show, og han får jo køyra det i halvanna år. Han er rett nok av eit eige kaliber, men eg har tenkt at det kunne vera verdt å visa det nokre gongar til.

Tilpassa nytt publikum?

Thomas har over ti års erfaring med å få sambygdingane sine til å le. Når han no skal til byn er han spent på kor godt han vil treffa, og vil sjølv gå gjennom eige materiale for å sjekka kva som eventuelt bør justerast på.

– No er det jo etterkvart mange som har høyrd om Hamnesjefen, men eg veit ikkje kor godt den slår an i by'n. Og så har vi Os-politiet, dei må nok døypast om. Folk frå Øyane er noko for seg, dei får kanskje adresse Øygarden når eg står på scenen på Lille Ole Bull.

– Heldigvis har Varde filma showet, så no skal eg bruka romjula på å gå gjennom det, og så skal eg til byn og prøvespela originalshowet 3. januar. Etter dette ser vi kva justeringar eg eventuelt tar. Showet kan òg bli litt komprimert, eg ser fleire andre nøyar seg med rundt ein time og ti minutt.

– Kanskje er det også nokre osingar som ikkje fekk med seg desse i Oseana, som vil ta turen til Bergen.

To Meter Tulling går på Lille Ole Bull seks gongar mellom 8. og 24. mars. Billettsalet startar på onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.