Ein mann som yppa til bråk mens han venta på drosje blei søndag morgon tatt ut av køen. (Arkivfoto: KVB)

Tatt av UP utan førarkort

Krangel om drosjerekning, bråk i drosjekøen og mann utan førarkort var blant det politiet tok tak i søndag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag i 19.30-tida blei ein bil stoppa på Søfteland av utrykningspolitiet.

– Bilførar, ein mann i 20-åra, hadde ikkje førarkort, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen, som var på gjennomreise, er meldt for forholdet.

Nekta å betala drosjerekninga

På morgonkvisten søndag var det både ei utforkøyring i Langedalen og ein slåstkamp ved Esso i Os sentrum.

I tillegg blei politiet kontakta av ein drosjesjåfør som sleit med å få oppgjeret sitt.

– Det var ein passasjer som, etter ein rundtur med taxi i Os, sto i sentrum og ikkje ville betala rekninga. Etter ein samtale med oss gjorde han likevel opp for seg.

Dette var i 6-tida på morgonen. Omtrent samtidig var det tillaup til trøbbel mellom nokre som venta på drosje.

– Ein aktiv part blei tatt ut av køen og plassert i den første drosjen som dukka opp, for å unngå at det skulle eskalera. Han fekk òg pålegg om å halda seg vekke frå sentrum dei neste timane.