Lokal | 31. mars 2015

Tatt i 147 km/t

Ung mann testa bilen over Ulvensletta.

Tatt i 147 km/t
Fire blei tilsaman stoppa av politiet i laserkontrollar måndag (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 31. mars 2015 07:19

Måndag gjennomførte patrulja frå Os lensmannskontor to laserkontrollar i bygda.

Den første av dei, i 80-sonen på Ulvensletta gjorde ein mann fødd i 1995 til fotgjengar.

– Han blei målt til 147 km/t.

– Med ein slik fart blei han fratatt førarkortet og anmeldt, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Ein annan bilfører slapp unna med eit forenkla forelegg.

To tatt på vekta

Forenkla forelegg fekk òg to bilførarar som i 21-tida blei målt ved den gamle vekta på Halhjemsvegen.

– Den høgste hastigheiten som blei målt der var 86 km/t i 70-sonen.

– Det står ikkje i loggen om det var ein mann eller kvinne som køyrde i denne farta, avsluttar Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.