(Ill. foto: Kjetiul Vasby Bruarøy)

Tatt med narkotika på Røykenes

Etter at mannen blei sett i arrest fann politiet meir stoff under ransaking av bustaden hans.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ein mann som blei stoppa på Røykenes blei sett i arresten då han hadde narkotika på seg.

Dette var på Røykenes rundt klokka 10.15.

Mistenkte, som er i 50-åra, er busett i Bergen.

– Under ransaking av bustaden hans blei det funne meir stoff som vi mistenker er narkotika, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Mannen sit framleis fengsla og skal i avhøyr.